Kunnskap

Når dyr får kreft

Kreft er truleg den viktigaste dødsårsaka hos hundar som blir eldre enn ti år.

Katter får også kreft, og det er viktig å oppdage og behandle sjukdommen så tidleg som mogleg.
Katter får også kreft, og det er viktig å oppdage og behandle sjukdommen så tidleg som mogleg.
Publisert

Kreft er ein vanleg sjukdom hos hund og katt, men med nye og betre behandlingsmetodar kan kanskje fleire familiedyr bli kurerte. Erfaringane frå behandling av dyr kan også gje verdfull kunnskap om korleis vi skal handtere kreft hos menneske. Men samstundes må omsynet til livskvaliteten dyra har, setje dei etiske grensene for kva tid behandlinga skal avsluttast.

Kreft startar alltid med ein mutasjon i ei av dei mange cellene i kroppen. Dersom dei unormale cellene ikkje blir raskt nok utrydda av kroppens immunforsvar, vil kreften utvikle seg gradvis til ein kronisk sjukdom i eitt eller fleire organ. Mutasjon er ein vanleg risiko ved all celledeling, og slike farlege cellevariantar kan difor dukke opp i nesten alle slags vev i kroppen. Nedarva disposisjon eller infeksjonar med virus i fostertida eller rett etter fødselen kan også føre til kreft hos unge dyr, til dømes i jurvev eller testiklane. Vi veit også at miljøfaktorar og livsstil, som overvekt, aukar risikoen for kreft hos dyr.

Men alder er utan tvil den absolutt viktigaste risikofaktoren. Det samla talet på mutasjonar aukar med åra, og hos husdyr, som hos menneske, er førekomsten av kreft i stor grad bestemt av kor lenge dyra får lov til å leve. Dei dyra vi aler opp til mat, blir for det meste slakta før puberteten, og dei vaksne dyra blir også slakta lenge før dei har nådd maksimal biologisk alder. Difor er det vanskeleg å vite noko sikkert om kor stor førekomst av kreft som er naturleg hos retteleg gamle høns, kyr eller griser.

Vondarta

Familiedyra lever overraskande nok heller ikkje så lenge. Mange døyr eller blir avliva i ung alder. Men i utgangspunktet vil dei hundane og kattene som blir gamle nok, kunne få mange av dei same krefttypane som vi finn hos menneske: hudkreft, kreft i jurvevet, kjønnsorgana, skjelettet, lymfesystemet, mage–tarm-kanalen og alle organa i bukhola. Kreft er truleg den viktigaste dødsårsaka hos hundar som blir eldre enn ti år. Nokre skilnader er det rettnok mellom ulike hunderasar, til dømes kan hundar av rasen boxer vere mest utsette for jurkreft, medan schæferhundar er rapporterte å få oftare kreft i hud, nyre eller milt.

Katter er plaga med mange av dei same krefttypane. Jurkreft er vanleg, men katter kan også få kreft inne i munnhola, i bukspyttkjertelen, lunge, nyre eller andre organ. I munnen sit svulstane gjerne under tunga eller i tannkjøtet og kan vere vanskelege å oppdage utan ei grundig undersøking. Lyse og korthåra katter som er mykje utandørs, har større risiko for vondarta hudkreft på hovudet, som ein reaksjon på UV-strålane i sollyset.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement