JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Parasittar i fiskekjøtet er ikkje berre ulekkert, det kan òg vere helsefarleg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein kan finne kveis i levra til sei og torsk.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

5362
20241004
5362
20241004

Draumen om ein velsmakande fiskemiddag kan døy brått når du står der og sløyer fisken og finn ut at magesekken, levra og bukhola er fulle av små, samankveila rundormar, nokre bleike, andre meir raudbrune i farga. Og det stoppar ikkje der, fiskekjøtet kan òg vere fullt av same slaget, frå buksida og heilt inn til ryggbeinet.

Tek du deg litt tid under sløyinga, før du kastar svineriet, kan du oppdage at det er fleire typar kveis i fisken. Nokon er det mest av i muskulaturen, nokon mest i bukhola, og nokon finn du overalt i heile fisken. Kveis i fiskekjøtet er ikkje berre ulekkert, det kan òg vere helsefarleg, og det seier seg sjølv at dette ikkje er noko du vil ha i maten.

«Akutte mage­smerter berre få timar etter måltidet er typisk for anisakiose.»

Komplisert

To vanlege artar av kveis, som også er dei som oftast gjev sjukdom hos menneske (anisakiose), er Anisakis simplex (kvalorm) og Pseudoterranova decipiens (torskemark). Vaksne Anisakis held til i magen hos kval som niser, spekkhoggarar og vågekval, Pseudoterranova decipiens har sel som sluttvert, medan andre artar av kveis har satsa på sjøfugl, som skarv.

Kvalormen Anisakis likar feitt og er ein vanleg parasitt hos sild, makrell og vill laks, og du finn ofte mykje av han i levra til sei og torsk. Dei blanke og fargelause larvane held til både i bukhola og inne i fiskekjøtet, der dei kan vere ganske vanskelege å få auge på. Kveis av typen Pseudoterranova er vanleg hos torsk (derav namnet torskemark), dei sit ofte inne i muskulaturen, men er meir raudbrune i farga enn Anisakis og er mykje lettare å sjå når du skjer opp fisken.

Felles for all kveis er at dei har ein temmeleg komplisert livssyklus. Dei kjønnsmogne ormane lever trygt inne i magesekken til dei varmblodige vertsdyra sine, der dei nyttar tida til å ete, pare seg og legge egg. Nokon slår seg ned i større koloniar i mageslimhinna, og det kan føre til smertefulle magesår for verten. Egga som kjem ut med avføringa, blir klekte til larvar som for å utvikle seg vidare må bli etne av krepsdyr, som kril og tanglopper. Men før dei kan kome attende som vaksne og bu i ein varm magesekk, må dei også innom ein fisk eller ein blekksprut på turen.

Kvifor evolusjonen har varta opp med slike komplekse livsløp for noko så enkelt som desse rundormane, kan vere litt vanskeleg å forstå. Det verkar også litt risikabelt å gjere seg avhengig av eit så stort nettverk for å få fram neste generasjon, så noko nyttig må det vere i dette omflakkande levesettet. Ein mogleg teori er at parasittar som på denne måten skil mellom vertar der dei veks og vertar der dei formeirar seg, får betre spelerom til begge delar, og at det kan gje større genetisk mangfald og på det viset sikre framtidige parasittgenerasjonar.

All fisk utanom oppdrettslaks (og aure) må frysast før han kan nyttast til sushi.

Akutt

Her i landet er rå fisk som sushi og ceviche temmeleg nytt på menyen. Vi har vore vande med å koke og steike fisken, og det er som regel effektivt for å drepe larvane i fiskekjøtet. Andre trauste og sikre metodar for handtering av fisk er tørking, kraftig salting eller ei vekes tid i frysaren. Varmrøyking til ein kjernetemperatur over 60 grader skal gå ganske greitt, medan graving, kaldrøyking og marinering har liten effekt.

Infeksjon hos menneske er særleg vanleg i Japan og Sør-Korea, der rå fisk, som makrell, er fast innslag på menyen for folk flest. I Italia og Spania er det ikkje uvanleg at folk vert sjuke av å ete heimelaga ansjos, i Nederland kan sesongmaten matjessild by på ei overrasking. For oss oppdrettsbaronar i Noreg er det kjekt å vite at laks og aure som får pelletert og varmebehandla mat, er blitt grundig granska og ikkje er rekna som smittefarleg mat.

Hos eit menneske som et levande kveis vil parasittlarvane bli frigjorde i magesekken, men larvane er førebudde på å finne eit sjøpattedyr og finn seg dårleg til rette inne i eit menneske. Resultatet er at ormane borar og gneg seg inn i mageveggen eller tarmveggen for å finne ut av situasjonen, nokon få kan til og med komme seg tvers igjennom og ut i bukhola og leite vidare der etter ein trygg stad å slå seg ned. Ikkje overraskande gjer dette temmeleg vondt, og akutte magesmerter berre få timar etter måltidet er typisk for anisakiose.

Medisin har liten effekt, så ei vanleg behandling i akutte tilfelle er å sende ned ein sonde i magesekken og plukke ut larvane. Plagene kan òg gå over av seg sjølv når larvane døyr, men larvar som har kome ned i tarmane, eller verre: ut i bukhola, kan det vere naudsynt å operere ut. På toppen av det heile kan kveis òg utløyse allergiske reaksjonar, alt frå kløe og utslett til livstrugande sjokk.

Fisk full av kveis er både udelikat og usunt.

Foto via Wikimedia Commons

Meir kveis

Fleire vitskaplege studiar tyder på at det har blitt mykje meir kveis av typen Anisakis i fisken dei siste tiåra, og særleg her i Nord-Atlanteren. Kystfiskarar har lenge klaga over at torsken er full av kveis, og har ofte lagt skulda på dei store selbestandane. Vern av marine sjøpattedyr og større bestandar av kval og sel kan godt vere ei viktig årsak til meir kveis i marin fisk, men det er truleg ikkje rett å legge all skulda på sjøpattedyra.

Det er ikkje berre i politikken at alt heng saman med alt. I havet kan alle endringar i temperaturar, fiskebestandar og samansetjing av heile næringsveven ha store konsekvensar for balansen mellom parasittar og vertskapet deira.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis