JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Pasientskadar og erstatning

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fleire og fleire klagar på tannbehandling, no kring 1000 per år, halvparten får erstatning.

Foto: NTB

4945
20240628

Medisinsk

Haldor Slettebø er spesialist i nevrokirurgi og skriv om medisin ein gong i månaden

Staten vart nyleg dømd i Oslo tingrett og måtte betala ein pasient nær åtte millionar kroner i erstatning i ei sak der Norsk pasientskadeerstatning (NPE) hadde kalkulert erstatninga til 155.000 kroner. Retten kom til at NPE hadde sett invaliditeten hennar altfor lågt, og at dei hadde undervurdert det framtidige inntektstapet.

Ho hadde utvikla ein kronisk smertetilstand etter ein elles vellukka operasjon (nyredonasjon) og var blitt delvis arbeidsufør. Det er noko som førekjem ein sjeldan gong etter operasjonar, og som kan vera invalidiserande. Då kan det vera viktig å få eit tilskot til økonomien som gjer kvardagen lettare å bera.

Her i landet er det staten ved NPE som skal hjelpa i slike tilfelle. Men pasienten oppfatta tilbodet om erstatning derfrå som useriøst, gjekk til rettssak og vann. Saka vart fyrst omtalt i Dagbladet.

«Defensiv medisin er eit aukande problem, også i Noreg.»

NPE er ei statleg ordning som vart oppretta i 1988. Den gongen innebar det eit stort framsteg for pasientar som hadde fått varig mein etter feilbehandling. Før me fekk NPE, var det vanskeleg å få erstatning i slike saker. Jussen var firkanta og kravde som regel at pasienten skulle peika ut ein syndebukk blant behandlarane.

Då NPE-ordninga kom, vart det enklare: For pasienten var det berre å senda inn ein klage. Deretter var NPE forplikta til å innhenta all relevant dokumentasjon, sjå til at denne vart grundig vurdert – medisinsk og juridisk – og konkludera.

Erstatning vart utbetalt dersom NPE kunne påvisa svikt i behandlinga med tilhøyrande varig mein og/eller økonomisk tap for pasienten. Oftast var det systemsvikt som var årsak til feilbehandlinga, difor slutta ein å jakta på syndebukkar.

NPE-ordninga omfattar i dag offentleg og privat helseteneste i tillegg til tannhelsetenesta. Årleg er det om lag 8000 pasientar som krev erstatning. Det er eit svært lågt tal på bakgrunn av alle behandlingane som vert utførte. Berre i sjukehusa er det over to millionar pasientar som blir behandla kvart år, og av desse er det kring 2–3 promille som set fram erstatningskrav til NPE. Saksbehandlinga tek si tid – kring eitt år for dei som får medhald, litt kortare tid dersom det vert gjeve avslag.

Dei fleste sakene gjeld ortopedisk kirurgi, tannbehandling, kreft eller psykiatri. Kvar tredje pasient som klagar, får medhald og erstatning. Det avgjerande spørsmålet er om diagnostikken og behandlinga har vore i samsvar med god norsk standard. Dersom svaret er nei, har det vore svikt i behandlinga, og pasienten har krav på erstatning ved økonomisk tap.

Vanlege årsaker til medhald kan vera for sein diagnose, feil diagnose eller manglande oppfylging. Medhaldsprosenten kan vera høg i nokre tilfelle, til dømes ser me at nær halvparten får erstatning i saker om behandling av skeiv stortå (hallux valgus) – oftast på grunn av feil operasjonsteknikk.

Relativt mange klagar på ryggoperasjonar, men av desse er det knapt éin av fire som får erstatning. Endå mindre sjansar for medhald, berre 14 prosent, er det for dei som klagar på ADHD-diagnostikk.

I USA er pasientskadar blitt advokatmat, og erstatningssummane kjem som regel opp i fleire millionar. Dei mange rettssakene mot lækjarar og sjukehus medfører kanskje tydeleg ansvarsplassering, men har òg alvorlege biverknader i form av «defensiv» medisin: Lækjarane heilgarderer seg ved å tinga altfor mange prøver og MR-undersøkingar, for mange spesialistkonsultasjonar og for mange innleggingar. Alt i alt gjer dette helsetenesta dyrare og dårlegare – ja, ineffektiv. Defensiv medisin er eit aukande problem, også i Noreg. Ei velfungerande pasientskadeordning kan vera eit godt mottiltak.

Erstatningssummane i det norske systemet er nøkterne, i gjennomsnitt knapt 100.000 kroner, men i spesielle tilfelle, til dømes hjerneskade under fødsel, kan det vera tale om millionar. Mange klagar dersom dei får avslag frå NPE, og 10 prosent av klagarane får oppjustert erstatninga eller omgjort sjølve vedtaket.

Svært få av klagesakene, kring 50 i året, går vidare til domstolane, og i nær halvparten av desse vinn pasientane fram heilt eller delvis. Det kunne kanskje vera ein akseptabel statistikk dersom sakene var heilt spesielle unntakstilfelle. Men dersom desse sakene skulle vera representative for vanlege klagesaker, slik Personskadeforbundet mistenkjer, er tala urovekkjande.

Me har truleg ei av dei beste erstatningsordningane i verda, og me har unngått dei verste utslaga av amerikanske tilstandar. Kritiske merknader til NPE har likevel kome frå pasientar, advokatar og medisinarar – om treg saksbehandling, manglande involvering av pasientar, om juristeri og om manglande fagkunnskap blant dei sakkunnige. Difor er ordninga no under evaluering av eit ekspertutval, og rapporten deira skal liggja føre i august 2024.

Haldor Slettebø

hslettebo@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Eva Aalberg Undheim

Foto: AP / NTB

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Springsteens «før og etter»

Det går an å skrive ei heil bok om Born in the U.S.A., i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
ØyvindNordli

«Det er absurd at dei fremste klimaforskarane i Noreg skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.»

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis