Teknologi
Kunstig røynd
«For ein narsissist som meg var det å laga videoar reine nirvana.»
Døme som syner korleis ein går frå tekst til video. Fyrst vert det laga nokre bilete av start og stopp og punkt undervegs, så fyller ein inn med bilete som skaper rørsle når videoen vert spela av.
Kjelde: Meta AI
Covid-19-epidemien er det beste som har hendt meg. Når kriser råkar, reagerer folk på ymse vis. Somme søkk ned i apati, medan andre vert oppelda. Til ein i fyrstnemnde kategori fekk eg selt hytta mi til ein god pris på ein blunk.
Uvisst av kva grunn reagerte eg med entusiasme på dei utfordringane me fekk. Dagen før Erna stengde landet, forstod studentane mine og eg kvar det bar. Då lærte studentane meg å bruka programvara Adobeconnect, slik at me kunne halda fram undervisninga etter me vart jaga heim. Det vart ein særs bratt læringskurve den fyrste veka, og neste veka hamna eg på høgskulens hjelpesentral og hjelpte lærarar på heile Vestlandet med tekniske utfordringar.
Undervisninga gjekk storarta. Me koste oss i den digitale skya. Studentane ynskte at førelesingane skulle spelast inn, men det ville vera meiningslaust berre å leggja ut fleire timar med opptak etterpå. Eg laga difor min eigen YouTube-kanal, Fargeblind, og spela inn førelesingar i kvartersbolkar.
For ein narsissist som meg var det å laga videoar reine nirvana. Eg byrja å laga videoar om alt eg kunne og var interessert i. Då eg byrja, tok eg alt på direkten og sa at redigering var for feigingar. Sanninga var at eg ikkje kunne redigera.
Igjen var det berre å spørja studentane. Dei fortalde om eit gratisprogram, Openshot. Det hadde sjølvsagt altfor mange knappar og menyar, men eg lærte fort det grunnleggjande, som å setja saman og stabla videoklipp og leggja på ljod og bilete. Det vart ikkje så verst, om eg skal seia det sjølv.
Mange likar ikkje å laga video. Dei synest røysta deira høyrest rar ut, og det gjer vondt å sjå seg sjølv. I tillegg stotrar ein kanskje. Då vert det plagsamt mykje redigering.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.