Historie

Kuppet som brann ut

For 100 år sidan i desse dagar trudde Adolf Hitler at han kunne styrta regjeringa i Berlin ved å erobra ein ølkjellar. I dag kan vi sjå dei langsiktige verknadene av denne amatørmessige freistnaden.

Dei sikta i kuppforsøket i ølkjellaren 1923 poserer framom retten: Frå venstre Pernet, Weber, Frick, Kriebel, Ludendorff, Hitler, Bruekner, Roehm og Wagner. Legg merke til at berre to, Hitler og Frick, var sivilistar, og at offiserane fekk behalda sverdet.
Dei sikta i kuppforsøket i ølkjellaren 1923 poserer framom retten: Frå venstre Pernet, Weber, Frick, Kriebel, Ludendorff, Hitler, Bruekner, Roehm og Wagner. Legg merke til at berre to, Hitler og Frick, var sivilistar, og at offiserane fekk behalda sverdet.
Publisert Sist oppdatert

Enkelte kupp er like viktige når dei er mislukka, som når dei er vellukka. I desse dagar minnest Tyskland det mislukka ølkjellarkuppet til Adolf Hitler 8. november 1923. Trass i at det var mislukka, skapte oppløpet røynsler som skulle få lagnadstunge fylgjer ti år etter – då rikspresident Paul von Hindenburg gav Hitler kanslarposten 30. januar 1933.

Det var dette mislukka kuppet, med trekk av ein køpenickiade, som sette Hitler på banen til makta ti år etter. I konklusjonen på denne artikkelen skal vi pensla dette temaet ut. I BBC History Magazine for desember i år gjev Frank McDonough nye perspektiv på denne hendinga. Vi skal supplera han.

Ølhallen som skulle kaprast

Det som skjedde var dette:

Hitler hadde klare planar for 8. november 1923. Han ville erobra den bayerske hovudstaden München før han hadde sett seg føre å marsjera mot Berlin og retta eit dødsstøyt mot Weimar-republikken (1919–1933).

Åstaden for kuppfreistnaden var ikkje tilfeldig: den store Bürgerbräu-kjellaren i sentrum av München. Hitler visste at Gustav von Kahr, den bayerske ministerpresidenten, hadde planlagt ein tale der nett denne dagen. Publikum var bayerske embetsmenn. Planen til Hitler var å kapra hallen med Khar inne og få han med på kuppet. Alt slo feil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement