Teknologi
Kva datamaskiner kan gjere
Hubert Dreyfus meinte det var umogleg for ei datamaskin å simulere menneskeleg intelligens utan å ha ein kropp.
Illustrasjon: Katarzyna Pe / Unsplash
Denne veka tek vi for oss den ofte fruktbare samverknaden mellom akademisk teoriutvikling og praktisk teknologiutvikling. Hubert Dreyfus (1929–2017) var ein amerikansk teknologifilosof som blei kjend langt utanfor sitt eige fagfelt på grunn av den ramsalte kritikken han kom med av kunstig intelligens-teknologiar. Kritikken hans førte til fleire tiår med ein produktiv kamp mellom teknologar som lagar løysingar, og filosofar som kritiserer veikskapar ved dei.
På 1960-talet var det stor optimisme blant kunstig intelligens-forskarar, og folk som Herbert Simon og Marvin Minsky sa at det burde la seg gjere å lage datamaskiner med same intelligens som menneske innan cirka ti år.
Dreyfus protesterte sterkt mot denne ambisjonen. Han sa at samfunnet alltid prøver å forstå hjernen i lys av dominerande teknologiar: den mekaniske klokka, telefonnettverket og no altså datamaskina. Dette er jo berre metaforar, meiner Dreyfus. Menneskehjernen og vår intelligente åtferd fungerer heilt annleis enn ei datamaskin.
I boka What Computers Can’t Do (1972) seier Dreyfus at det er umogleg for ei datamaskin å simulere menneskeleg intelligens. Maskina er for sterkt prega av tal og symbol som vert behandla i ein stasjonær boks utan sanseleg kontakt med omverda. Maskina har ingen kropp og kan aldri bli god til å danse eller fikse plenklypparen. Ho kan berre bli god til intellektuelle evner som å spele sjakk og løyse andre problem som kan formulerast som ein sterkt regelbunden prosess.
Fagmiljøet innan kunstig intelligens gjekk i forsvarsposisjon då boka til Dreyfus kom ut. Det blei ein heftig offentleg polemikk mellom Dreyfus og sentrale personar i kunstig intelligens-miljøet, og dei utfordra posisjonane til kvarandre i tiår etterpå.
Interessant nok kunne What Computers Can’t Do òg lesast som ei oppskrift på kva forskarar innan kunstig intelligens burde jobbe med, og det er dette vi vil framheve. Ved å peike på problem kan den kritiske akademikaren setje utviklarar på sporet av ei betre løysing.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.