Mat
Kva er det beste husdyret?
Skinka er ein staseleg gjest som held seg i ro.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
Eg vaks opp med hundar. Dei var fuglehundar og opptekne av fysisk fostring – ut å trene skulle dei i eitt bankande køyr. Ikkje forstår eg kvifor – hundar treng jo ikkje skrytebilete på Tinder for å få fart på kjærleikslivet. Det er rett på sak der i garden.
Og kattar – jammen har eg eigd kattar i mitt vaksne liv. Fantastiske dyr, men dei er lite vane med menneske. Dårleg integrerte, spør du meg: Dei slit med å forstå alt ein ikkje skal gjere innandørs, til dømes fange og drepe hakkespettar, kattugler, pungrotter og den slags.
Og dei eig ikkje særleg kompetanse på moderne tekniske ting. Eg hugsar spesielt ein episode der eg hadde sett frå meg ei glovarm steikepanne på oppvaskbenken av metall. Då eg tok vekk steikepanna, hoppa kattjækelen straks opp der panna hadde stått. Dermed spratt han av garde som eit prosjektil og knuste sju Kosta Boda krystallglas som stod oppmarsjerte.
I moden alder har eg difor skjønt at det beste husdyret ein kan ha, er ei spekeskinke. Ho held seg i ro, og ho lagar ikkje lyd eller halloi på noko vis. Du treng ikkje mate ho og slepp dermed problemet du alltid har med husdyr: Hundar er svoltne heile døgnet, mens kattar plent nektar å ete maten om han ikkje er temperert til perfeksjon.
Spekeskinka har dessutan den store føremonen at når du har gått lei av ho, er ho borte. Ingen veterinærutgifter eller dyre riflepatronar. Når kjøtet er ete opp, går beinet i gryta og vert framifrå suppebase.
Set du skinka på stativ og skrur ho godt fast, er du òg sikra at ho ikkje stikk av saman med mann brann, høne pøne, gasse vasse og pannekaka. Nett no har eg ei spansk serranoskinke på stativet, fordi eg likar at skinka smakar noko anna enn berre salt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.