Mat

Kva er som manna i Egyptens land?

Øl høver i varme Thailand.
Øl høver i varme Thailand.
Publisert

Ei av dei første kokebøkene eg åtte, heiter Ølvännarnas Matbok og er signert den kjende svenske humoristen Lasse Åberg. Det er ei tynn, gjennomillustrert lita skattkiste med enkle oppskrifter på mat det høver å drikke øl til. Ifølgje Åberg er den saka ikkje så komplisert: Øl kan du drikke til alt unntatt asparges. Eg vil tru bryggeribransjen hadde ein finger med i spelet, men det kan eg ikkje sjekke, for boka er naturlegvis borte frå mine hyller.

Å drikke øl er uansett ein tradisjon som sit djupt i dei fleste land på kloden. Ikkje alle land klarer å produsere ein toppklasse vin, men å bryggje akseptabelt øl, det klarer alle.

I barndomen min på sekstitalet var det ikkje noko problem for meg å få kjøpe øl i butikken. Så lenge eg hadde handskriven lapp frå foreldra eller vaksne søsken, fekk eg det eg ville ha, sjølv om eg knapt hadde begynt på skulen. Eg hugsar framleis utvalet: pilsner, bokkøl, bayerøl, eksportøl. I jula: juleøl. Det var det heile.

I dei ville sekstiåra skulle det jo ifølgje historikarane vere ungdomsopprør, men det einaste eg hugsar av søskens heimefestar anno 1968, var at dei hygga seg med store mengder øl (som eg hadde slept mykje av inn frå samvirkelaget.) I tillegg dansa dei til tidas heitaste musikk, som eg hadde den store gleda av å administrere på platespelaren. Damene brukte hårspray, gutane Brylcreem, og kveldane var fylte med heftig rock ’n’ roll og svart soulmusikk. Ei herleg tid.

Men er det verkeleg sant at du kan drikke øl til alt unntatt asparges? Nja. Du kan sjølvsagt drikke øl til ein reinsdyrfilet med tung viltsaus, steikt sopp og tyttebær. Ingen vil arrestere deg for det, sjølv om dei kanskje burde gjort det. For det aller beste valet er naturlegvis raudvin, til dømes ein Crozes-Hermitage. Han matchar dei markante smakane mykje betre, og ein skulle nesten tru franskmennene odla han for at han skulle vere akkompagnement til det eventyrlege norske viltkjøtet. Drikk du denne vinen utan mat, vert han for tung.

Går du til norsk tradisjonsmat, vil øl vere passande følgje til det aller meste: spekeskinke, fenadlår, sild i alle former, røykt fisk, kjøtkaker, komle, sodd, biddos, lapskaus... O herre, gi meg ein iskald øl til, og livet leikar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement