Essay
Kva er vi omringa av?
Eg går ein tur i Stensparken, det gjer eg ofte – for å tenkje på alt mogleg som rører seg og som er urørleg, sidan eg elskar å glane og å gruble – ettersom parken ligg ikkje så langt frå der eg bur, og inn i parken går eg til ein stad der bergveggen stikk seg fram, han ligg eit stykke frå vegen og er svært gamal, og her kunne Sigrid Undset ha gått ein tur lenge før Stensparken var ferdig bygd.
Bygginga av parken byrja i 1930-åra, med pengar frå salet av sprit på polet, og stod ferdig i 1943. Ettersom Sigrid Undset budde i Stensgata på slutten av 1800-talet; ikkje så langt frå der parken opnar seg, om det då gjekk ein sti der vegen no går, og ho kunne ha tatt på den same eldgamle bergveggen som eg tar på når eg går ein tur; vi er omgjevne av høg alder, så høg at det ikkje er til å fatte, og så tenkjer eg på det heilt naive; veit fjellet at det er så gamalt; utan at eg veit om steinen kan ha medvit, som ein variant av panpsykisme, om så var, ville han då ha så svakt medvit at han ikkje veit noko om alder og tid?
Mens eg går i parken, og stryk handa flatt over ein utgamal og våt bergvegg, tenkjer eg på ei nonne i Utrecht. Steinen er iskald, og den krumma veggen er ikkje glatt, han er grov og full av hakk, og så tenkjer eg på kor mykje fjell det er i landet vårt, og at eg ikkje fattar at det er berre dei høge fjella som er kongeriket vårt, og ikkje kysten med alle dei flotte svaberga. Kvifor er ikkje svaberg og kyst det same som å vere høg på fjell, det går vel an å vere høg på låge fjell slik som svaberg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.