Mat

Kvardagen

Det er dei det er flest av, kvardagane.

I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Publisert

Sjølv om vi no går inn i ei tid med høgtid og feiring, er det flust av måndagar og tysdagar. I livet mitt har eg hatt strevsame periodar der mange kabalar skulle gå opp for å få kvardagane til å gå i hop, med henting og bringing, bil hit og dit og overalt, og det kan vel hende at middagane nokre gongar blei meir lettvinte enn godt var.

Men sidan eg alltid har likt å lage mat, trur eg no det blei ganske tolleg bra likevel. Om ein kan nokre av dei aller mest grunnleggjande sakene og teknikkane, blir maten velsmakande uansett. Eg hugsar med lått ein gong dei to små sønene mine kom og ropte triumferande i kor: «Vi likar ikkje lauk! Vi likar ikkje lauk!» Då parerte eg det med følgjande: «Nei vel, eg høyrer de seier det, men pappa sin pastasaus er jo full av lauk? Masse lauk!» Då stogga dei og tenkte seg om eit kort bel, og så kom det: «Vi elskar lauk! Vi elskar lauk!»

Lauk er jo noko av det mest essensielle i matlaging. Ta India og Pakistan, til dømes, der er prisen på lauk svært så politisk sensitiv, og det veit politikarane. Lauken er ein så grunnleggjande del av kosthaldet i desse landa at om prisen går over eit visst nivå, risikerer dei å få rasande folkelege opprør. Og det vil dei helst ikkje ha.

Det litle folkelege opprøret i heimen hos meg avverja eg altså ganske raskt, og eg er glad for at eg no har to vaksne søner som likar å lage mat. Eldstemann driv jamvel med fermentering og surdeig, og ein god del ting den gamle faren deira på ingen måte er særleg god på.

Men lauk, kvardagshelten, den meistrar eg.

Det fantastiske er jo at lauken endrar smak når du varmebehandlar han, og vert søtleg og herleg berre av å liggje og surre i gryta i litt smør og olje. Så om du berre har litt tid til overs ei helg, kan du gjerne lage nokre ferdige dosar med kokt lauk, tomat, gulrot og kvitlauk og leggje dei i frysaren, så er dei klare til å bli henta ut om morgonen, og så har du middagen til rett tid, sjølv om det er ein inni helvete stressa torsdag der alt elles gjekk på tverke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement