Teknologi

Kvifor Google-briller vart ein fiasko

Luksusvarer får mykje av verdien sin ved å ha ein positiv identitet av eit eller anna slag, og her gjekk det heilt gale for Google.
Luksusvarer får mykje av verdien sin ved å ha ein positiv identitet av eit eller anna slag, og her gjekk det heilt gale for Google.
Publisert

I 2013 såg det ut som Google Glass skulle verte det neste store frå Silicon Valley. I teknologikrinsar var det eit veldig «buzz». Men Googles smarte briller forsvann frå marknaden nesten like fort som dei dukka opp. Av og til er det slik at kraftige nye teknologiar ikkje vert tekne i bruk. Kvifor det?

Nokre gonger er forklaringa lett å sjå. Rundt år 50 etter Kristus fann Hero av Alexandria opp ei slags dampmaskin som han kalla «eolipil». Denne maskina kunne i prinsippet ha vorte brukt til praktiske formål i Romarriket og kanskje sett i gang den industrielle revolusjonen. Men dei hadde ikkje moderne vitskap til å foredle ideen, og dei hadde ikkje store grupper med velutdanna menneske som kunne jobbe vidare med forskjellige løysingar samstundes. Dei hadde ikkje metall med god nok kvalitet, eller den finmekanikken som trengst for å bore gode sylindrar. Det var mange gode grunnar til at dampmaskina ikkje tok av i Romarriket.

Då er Google Glass eit meir nyansert eksempel på eit teknologisk bomskot. Kva var det som gjekk gale i dette tilfellet? Smartbrillene vart lanserte som ein fyrste futuristisk smak av den typen teknologi Google såg for seg i framtida. Promovideoar viste folk med Google-briller som hoppa i fallskjerm, sykla ned fjellstiar eller klatra i fjellvegger, og viktig informasjon kom opp på brilleskjermen og hjelpte brukaren. Brukaren kunne dessutan kontrollere brillene med talehandlingar. Det var nok å seie: «Ta eit bilete!», «Spel inn video!», «Vis meg vegen til Eiffeltårnet!» – og så skjedde det visstnok.

Tabben ligg i dette «visstnok». Google lova oss nemleg alt dette før teknologien var testa skikkeleg, og før nokon hadde tenkt på dei sosiale konsekvensane. Google haussa opp produktet med det store apparatet sitt, og så byrja dei å selje prototypen til ein eksklusiv krins av tidlege brukarar i USA i 2013. Dei skrytte av han på messer og teknologikonferansar og satsa på å skape ei entusiastisk og eksperimentviljug kjøpargruppe. Året etter vart brillene lanserte på konsumentmarknaden, men då mista Google kontrollen over produktidentiteten.

Brillene vart ikkje oppfatta som eit spennande framtidsprodukt for teknoentusiastar, slik Google hadde planlagt, men vart tolka som eit eksklusivt produkt for luksussegmentet. Dette kom blant anna av at brillene kravde ein dataoverføringskapasitet som dei fleste ikkje tok seg råd til i 2013, spesielt ikkje om ein måtte bruke data utandørs gjennom telenettet.

Krevjande kjøparar vart skuffa då dei skjønte at ytinga ikkje stod i stil med PR-en, og byrja å snakke brillene ned. Luksusvarer får mykje av verdien sin ved å ha ein positiv identitet av eit eller anna slag, og her gjekk det heilt gale for Google.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement