Essay

Kyrkjerom

Mannen med ljåen over inngangen til Chiesa del Purgatorio i Terracina i Italia.
Mannen med ljåen over inngangen til Chiesa del Purgatorio i Terracina i Italia.
Publisert

Kyrkja i Sauherad er noko for seg sjølv, og det er den omtala og berømte demonveggen eg tenkjer på; han har over 2800 teikna demonar, men det er usikkert om dei er teikna eller rissa inn, men dei kan vere fylte med sot eller restar etter brent bein, dette er ikkje mine ord, men dei til den konservatoren som oppdaga demonveggen; og demonane er alt frå miniatyrar til store demonhovud, og nokre plassar på veggen sett saman av fleire små og det underlege er at alle andleta til demonane peiker mot presten og ikkje mot kyrkjelyden.

Ein har ikkje visst kven som laga demonane før no, når ein kunsthistorikar og ein konservator grundig har granska demonane i Sauherad kyrkje, og måten dei blei teikna på, og dei meiner at det er den konservatoren som først oppdaga dei, under krigen, som er mannen bak alt saman, også da den tvilsame grunnen, spør du meg, at han var både ein kunstnar og konservator.

Den fyrste gongen eg var i kyrkja, med ein kjentmann, var det for å sjå på demonveggen og for å gi forfattarstudentane ei oppgåve, eg var ofte timelærar ved høgskulen i Bø, på 90-talet, nå Universitetet i Søraust-Noreg.

Eg fekk lov til å stå i døypefonten dersom eg tok av meg skoa, som presten hadde forlangt, det gjorde eg ettersom det var høgt opp til demonane, og ljoset var elendig, men med ei lommelykt fekk eg sjå ei heilt underleg og framand verd, og oppi alt det kaotiske såg eg eit vakkert og flott portrett av noko eg trudde kunne vere ei sammankopling av Kristus og den heilage Jomfru Maria, om det da ikkje berre skulle vere den heilage mor, om ikkje Maria Magdalena som oppdaga at grava var tom, men uansett kven som har utført dette, så er det eit eineståande barokkarbeid i kongeriket, og eg veit ikkje om noko som liknar.

Eidsborg stavkyrkje, som også ligg i Telemark, er ei av dei minste stavkyrkjene i Noreg, ho er frå 1200-talet, og tida har sett sitt spor i dei ytre borda i kyrkjebygget, det er som om det som har blitt gamalt, går inn i ein eigen type alder og blir også farga av tida, og eg hugsar at plankane på kyrkja var heilt svarte av elde, men kyrkja har vore restaurert fleire gonger, utan at eg kunne sjå at det var noko som mangla.

Dei ytre borda på kyrkja var så gamle at dei nesten var i slekt med vikingane, og der inne var det som om ein kunne høyre at den eldgamle kyrkjelyden bad til Olav den heilage om at det måtte bli ei god avling og at vinteren ikkje blei for hard, men dette hadde også blitt ei kyrkje for St. Nicolaus, så da hadde dei vel bytta ut Olav Digre med julenissen, og kyrkjetenaren fortalde at på 1500-talet gjekk folk i prosesjon rundt kyrkja med ei stort måleri av julenissen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement