Lærar for utrygge kroppar

Bukkekravet er vekke frå kroppsøvingstimane, men å styre dei er framleis i høgste grad ein balansegang.

Kroppsøvingslærar Anette Kyvik underviser i styrketrening og syner korleis ein kan gjere assisterte kroppshevingar.

Reportasje

Publisert

Kva hugsar du frå gymtimane på skulen? Om vi ikkje hugsar så mange timar i o-fag, matematikk eller sidemål, trur eg vi alle hugsar minst éin gymtime. Dei kom liksom tettare på: Var du ein av dei som syntest kroppen fungerte, at det var lett og kjekt å kjenne han utvikle seg? Eller gøymde du deg i ein krok og håpte ingen ville finne på å sende ballen din veg?

Eller var du midt i mellom? God i noko og syntest gymsalen var kjekk, men at det var heilt umogleg å skulle kle seg naken i same rom som 15 andre? Opplevde du meistring? Og tenkte du nokon gong på korleis læraren hadde det, midt oppe i det heile?

Nei, elevane tenker nok ikkje for mykje på lærarane sine. Og mykje har skjedd med faget sidan det delte skulereform med o-fag. Det heiter til dømes ikkje gymnastikk lenger (sjølv om ein framleis kan gløyme gymklede), men kroppsøving, og ingen vert lenger valde sist på eit lag.

No skal ikkje kroppsøvingslærarar premiere dei beste elevane lenger, verken i karakterar eller andre stader, men tvert om trekke fram innsats og samarbeidsevne og viljen til å prøve. Etter fagfornyinga, revisjonen av alle læreplanane i Kunnskapsløftet som kom i 2020, forsvann den tredjedelen av karakteren som tidlegare var basert på dugleik, ut av kroppsøvingsvurderinga.

Noko som derimot har kome endå sterkare inn i lærarkvardagane dei siste par tiåra, er kravet til individuell oppfølging. Kvar elev skal ikkje berre vurderast individuelt ut ifrå eige nivå og føresetnader, men få undervisning tilpassa det same. Samstundes har klasse- og gruppestorleiken auka, slik at ein kroppsøvingslærar som Anette Kyvik, som jobbar full stilling ved Lier videregående skole, kvart år må vurdere kring 300 elevar som ho underviser berre éin gong i veka, i ei økt på kring 70 minutt. Korleis er eigentleg det?

Anette Kyvik og eg byrjar dagen i Reistadhallen i Lier kommune. Det er ein halvtimes tid til fyrste runde med elevar kjem inn døra, og vi set oss ned for ein prat.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement