JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

5671
20240913
5671
20240913

I byrjinga av september for nokre år sidan vart eg invitert til å delta på ringmerking av låvesvaler. Tidspunktet for møtet var skumringa, og møteplassen var eit tjern på Hadeland, sør i Innlandet. Ved dette tjernet stod det rikeleg med takrøyr. Eg vart vist inn i takrøyrskogen. Gøymt i vegetasjonen stod eit langt fangstnett klart til å ta imot fuglar.

Etter å ha skrudd på låvesvalesong, ei variert babling frå ein høgtalar som låg på bakken, trekte vi oss unna og venta. Mørket senka seg over plassen. Då vi sjekka nettet etter tjue minutt, bogna det med fuglar. I lyset frå hovudlykta glinsa svartblå overkroppar og raude kinn: Alle var låvesvaler. Eg lærte om dei praktiske tilpassingane arten krev av ringmerkaren.

For å unngå beinbrot skal ringmerkaren halde fuglen i øvste del av beinet (leggen). Held ein i nedste del rett over tærne, kan spenningar som oppstår viss fuglen flaksar med vengjene, føre til at tarsen knekk. Men låvesvala tel blant unntaka. Den må ein halde rett over foten. Leggen er så kort at det ikkje finst så mykje å gripe i der, og om ein prøver på det, kan ein forårsaka meir skade enn gagn.

Både svaler og seglarar har i løpet av evolusjonen fått svært korte bein. Dei er dårlege til å gå, men gode til å halda seg fast når dei sit. Elles held svaler seg mykje av tida i lufta, seglarar i endå større grad. Til alt hell er den nedste delen av beina sterk hjå låvesvala, som også ter seg roleg i nettet.

Den kvelden låg dei urørlege i maskene då vi kom, og lét seg lett ta ut. Kanskje dei var klare for natta – takrøyret ved tjernet tente som sovesal for dei. Dette visste sjølvsagt den lokalkjende ornitologen som hadde sendt invitasjonen.

Før dei trekkjer frå hekkeplassane til overvintringsområda, dannar låvesvaler i alle aldrar store koloniar på opptil fleire tusen individ. På den tida av året er takrøyr eit verdsett habitat om natta. Det gjev ly for både uvêr og rovfugl.

Denne kvelden flaug ein lerkefalk over oss før han forsvann bak skogen. Etter å ha plukka alle fuglane la vi dei som vanleg i tøyposar, fordi mørket har ein roande effekt, og gjekk med dei til den berbare ringmerkingsstasjonen som var rigga opp utanfor takrøyret.

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene. Vaksne hannar skil seg ut på mange måtar, med glinsande fjørdrakt på overkroppen og i andletet, og lengre halefjører enn båe hoer og ungfuglar.

Dei ytste halefjørene til låvesvalehannen har fascinert generasjonar av forskarar. Som universitetsstudent hadde eg ein professor i evolusjonsbiologi som var ekspert på dyreåtferd, og som tok fram låvesvala som eit kroneksempel på seksuell seleksjon. Professoren hadde ein bart som måtte vere forma som halen til ein låvesvalehann: tjukkare i midten og med tynne spissar som openbert alltid var friserte så lange og stive som mogleg.

Snart introduserte han oss for grunnleggjande studiar som synte at låvesvalehoer føretrekte å pare seg med langhala hannar, og barten fekk ein ny dimensjon. Eit slikt mønster lét seg lett tolke i lys av teoriar om seksuell seleksjon: For kvar generasjon etterlèt hannar med lengre hale fleire barn enn andre, av di dei særleg har vore valde av hoene. Dei hannkjønna barna deira arvar lange halefjører, og så vidare.

Men denne forklaringa, som lenge var gjeldande som lærebokdøme, vekte etter kvart skepsis. I forsøka på å teste hypotesar om seksuell seleksjon hadde ein del andre faktorar vorte forsømde. I utgangspunktet finst det éin observasjon: Hannar med lengre hale får i snitt fleire avkom enn dei med kortare hale. Det er teorien om at dette er eit uttrykk for seksuell seleksjon gjennom måten hoer vel makar på, som har vorte stadig meir kontroversielt.

Låvesvaler i hendene til ornitolog og ringmerkar Even Dehli om hausten: vaksen hann (t.v.) og ungfugl av året (t.h.).

Foto: Lars Tore M. Håvardsholm

Fugleforskarar ved Naturhistorisk museum i Oslo, i lag med forskarar busette i Canada, har teke del i vidare utgreiingar om tilhøva mellom halelengd, alder, kjønn, sædkvalitet, talet på avkom og tilstand til avkomet hjå låvesvala. Kort oppsummert handlar dette om finurleg feltforsking og resonnement med fleire ledd som gjev gode grunnar til å meina at samanhengen heller er slik: Eldre hannar har i snitt lengre hale. Dei har faktisk også større spermieproduksjon, og spermiane deira sym raskare enn spermiane til yngre hannar.

I tillegg kjem eldre fuglar av begge kjønn tidlegare fram til hekkeplassane enn dei yngre. Det verkar attpåtil som om det kan vera ein positiv samanheng mellom halelengd, som aukar med alderen hos begge kjønn, flygefart og flygeevner – snarare enn at lange sidefjører er med på å hemma fuglen i flukta, slik forsvararar av hypotesen om seksuell seleksjon driven av valkriteria til hofuglane hevda.

Som det norske namnet tyder på, likar låvesvala seg i kulturlandskapet. Arten er langt eldre enn låvar. Før hekka dei i hòler, men det synest dei å ha gått bort frå i løpet av dei siste hundreåra, til fordel for menneskebygde konstruksjonar.

Låvesvaler er pottemakarar som ikkje tyr til eld: Både hann og hoe finn ein vegg eller hjørne der reiret skal sitje, blandar gjørme og gras i nebbet sitt og brukar ei veke på å lage ei skål.

Låvesvaler hekkar over store delar av den nordlege halvkula, frå USAs vestkyst til Japan, og arten overvintrar tilsvarande vidstrekt på den sørlege halvkula. Trekket er spreidd over lange tidsrom; i Noreg strekkjer hausttrekket seg frå slutten av august til oktober, og mange flyg til Afrika sør for Sahara.

Nald Mubalegh

Nald Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis