Mat
Leirgryta hennar mor
Glad kylling vert god kylling.
Foto: Dagfinn Nordbø
La meg først tilstå at mor mi ikkje hadde noka leirgryte. Ordspelet i tittel er berre for å skryte av at eg kan å lage ordspel. Sjølv kjøpte eg ei leirgryte på åttitalet og har brukt ho flittig sidan, unnateke dei åra då heile verda skulle woke og leirgryta blei plassert i kjellar eller på loft. Men der bør ho ikkje stå. Spør eg vener og kjende, har dei nesten alle ei leirgryte ein eller annan stad, og det er ikkje før eg serverer dei ein leirgrytesteikt kylling, dei brått tenkjer på å hente ho fram att. Mi er altså førti år gammal og vert vakrare dess meir ho er i bruk, eg steikjer jo brød i ho fleire gonger i veka.
Seinare har eg òg fått meg ein større modell som er perfekt til digre fuglar og liknande godsaker. Vurderer du å skaffe deg ei, prøv å finne ei som er brukt i årevis. Da får dei patina og blir om mogleg enda lettare å reingjere. Litt varmevatn og ein oppvaskbørste held i lange banar. Beste metoden er altså å høyre om vener og kjende har ei leirgryte du kan få, og eg kan nesten love deg – det har dei.
Tyskarane kallar ho Römertopf, fordi romarane approprierte kokemetoden etter etruskarane, rundt det første hundreåret i vår tidsrekning. Kokekar av leire er framleis i dagleg bruk over heile kloden, sjølv om den massive produksjonen av kokekar av metall sette ein kraftig stoppar for utbreiinga.
Uansett er leirgryta unik for visse typar matlaging, og forma på dei forskjellige grytene varierer stort. Ofte får gryta namn etter rettane folk vanlegvis koker i dei, for eksempel marokkansk tagine og den spanske/latinamerikansk cazuela.
Dessverre hadde eg ikkje plass i kofferten til ein større tagine då eg reiste i Marokko, eg tenkte ho garantert kom til å bli knust på flyreisa. Eg angra sjølvsagt bittert, men på nettet kan du få tak i dei forskjelligaste leirgryter frå alle delar av verda – største utvalet finn du på Etsy og Amazon.
Kjøper du ein tagine, sjekk måla og at omnen din er stor nok til å romme gryta, som ofte har eit høgt, spist lokk. Ein fordel med tagine er at ein serverer maten, rykande varm, i den nedste delen av gryta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.