Lette dagar

Kva et me i desse dagar? Sjølvsagt noko lett, og det kanskje lettaste eg veit, er spagetti med sitron.

Ei magisk blanding av grøn te, mynteblad og altfor mykje sukker.

Mat

Publisert

Endeleg kom han, våren. Byen opnar seg, folk opnar seg, og alt ein vil, er å vere utandørs og sjå knoppar sprengje seg ut i fridom.

Det har vore vår misnøyes vinter denne gongen, der eg meir enn ti gonger om dagen har tenkt på korleis eg kan sleppe unna den neste fimbulvinteren, den som me veit kjem, og som kanskje blir endå verre.

Men no? Lukkeleg hiv eg det forbaska ullundertøyet ut av syne og sver på at eg straks skal skaffe meg nokre framifrå gullbillettar som skal ta meg vekk frå neste vinter og til fridomen, vekk frå Ultima Thule, om enn berre for nokre veker, eller helst månader; som skrivande fant har eg ikkje mykje pengar, derav ordet fant, men eg har mykje fridom, noko som er meir verdt enn all verdas harde valuta.

Eg kan ikkje skryte av prangande bustad, fyrig bil eller overprisa klede, men eg kan plutseleg sitje i Lisboa, Antibes eller Essaouira og pusle og skrive for mitt daglege brød og min rimelege vin, kanskje medan eg drikk eit lykkegrønt glas myntete i medinaen i Marrakesh, der eg nok ein gong skal forundre meg over kvifor marokkanarane puttar sukker i absolutt alt dei et og drikk, og kvifor dei sjeldan nyttar chili, men alltid spisskummen i maten.

Eg kan sitje på ein knøttliten kafé i Marrakesh, du veit der den smale vegen kjem frå det store marknadstorget Jemaa el-Fnaa, mens eit tog av menneske sakte defilerer forbi meg der eg sit med mynteteen – ein eseldrivar, ein kar som dreg ei vogn lasta med ein madrass og eit gammalt kjøleskap, ungdomar på sin fyrste moped med den fyrste kjærasten bakpå, turistar som insisterer på at dei må oppleve alt i heile verda gjennom ei telefonlinse, syltynne hundar på evig jakt etter mat, alt medan ein hær av meir eller mindre ville kattar smyg seg frekt inntil beinet mitt for å oppnå eit eller anna, helst noko med kaloriar.

Eller tvert imot på ein roleg plass ved borga i Lisboa, når turistane har gått heim til det sterile hotellet sitt og eg i fullkomen fred kan beundre dei anarkistiske hustaka i Alfama, den einaste plassen eg kan tenkje meg det ville vore heilt greitt å trekkje mitt aller siste andedrag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement