Reportasje

Limbolandet

Då USA tok Puerto Rico frå Spania i 1898, fekk øya status som «uorganisert territorium». I praksis er ho USAs 51. stat. Eller ein koloni, spør mange når naturkatastrofane råkar og Trump snur ryggen til.

I San Juan ser ein mykje politisk gatekunst. Dette måleriet set fingeren på det mange meiner var ein katastrofe etter katastrofen: Fleire tusen døydde som følge av mangelen på hjelp etter at Maria knuste store delar av øya i september 2017.
I San Juan ser ein mykje politisk gatekunst. Dette måleriet set fingeren på det mange meiner var ein katastrofe etter katastrofen: Fleire tusen døydde som følge av mangelen på hjelp etter at Maria knuste store delar av øya i september 2017.
Publisert

Her heime fekk vi det knapt med oss: I januar blei sørsida av Puerto Rico råka av ei rekke jordskjelv – det sterkaste målte 6,4 på Richters skala. Talet på dødsfall var lågt, men mange tusen blei huslause. Samtidig demonstrerte innbyggarane mot korrupte politikarar. Det toppa seg då nokon fann eit 4000 kvadratmeter stort lager fullt av naudhjelpsmateriell som skulle vore delt ut etter orkanen Maria i 2017. Demonstrasjonane var fredelege; politiet svarte med peparspray.

Puerto Rico består – som Noreg – av kyst, skog, god jord og relativt få, fredelege menneske. Frå naturens side er øya eit paradis. I fjor kom tre millionar turistar hit. Tsunamifareskilta skremmer dei visst ikkje. Særleg ferierande frå USA trivst. Dei får snøggmat nok, motorvegen er stinn av bilar, for her går det verken tog eller buss, og dei får informasjon på engelsk. Øya er nemleg deira – til glede og til plage, særleg for Trump, som har kalla øya «ein av dei mest korrupte stadene i verda».

Uorganisert territorium

I 1917 fekk puertoricanarane statsborgarskap i USA, og i 1950 fekk dei lage si eiga grunnlov, men USA tok seg til rette. Blant anna tok dei over sukkerproduksjonen. Frå 1920-åra var 80 prosent av jorda eigd av nokre få, og puertoricanarane blei utsette for overgrep. Det er blant anna dokumentert at for å bremse folkeveksten og utvandringa til fastlandet blei ein tredjedel av alle mødrer mellom 20 og 49 år steriliserte.

I 70-åra, for å skape økonomisk vekst, fekk amerikanske selskap etablere seg nærmast skattefritt på øya, og ho blomstra. Men ettersom skattefritaket blei fasa ut, avvikla dei, og fabrikkane blei ståande igjen og ruste og forfalle.

Så kom uvêret: I 1989 herja Hugo, i 1998 Georges, og i 2015 klarte ikkje puertoricanarane lenger å betale avdrag på den enorme gjelda dei hadde opparbeidd seg. USA, under Obama, tok kontroll over økonomien, og i mai 2017, midt i ein zikaepidemi, var Puerto Rico konkurs – den største konkursen i USAs historie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement