JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturFeature

Han sette ord på ein epoke

Franz Kafka (1883–1924) døydde den 3. juni for hundre år sidan.
Men litteraturen hans lever, og prosessen han skildra, held fram.

Franz Kafka fotografert i 1906 av Sigismund Jacobi, om lag då han var ferdig med jusstudiet og søkte jobb som forsikringsagent.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12300
20240531
12300
20240531

«Einkvan må ha loge om Josef K., for utan at han hadde gjort noko gale, vart han ein morgon arrestert…».

Slik startar ei av hundreårets mest iskalde livsskildringar, Franz Kafkas Prosessen (ikkje fullført av han sjølv, utgjeven av venen Max Brod i 1925). Det som følgjer, er eit blikk inn i det grenselause tomme rommet – «själens obotliga ensamhet», som Hjalmar Söderberg uttrykte det.

Kafka kjem oss i møte med sitt smale, intense andletsuttrykk, nærast lidande, og med ein mur mot innsyn. På portretta smiler han aldri.

Resonansbotn

Ettertida har lese heile det 20. hundreårets angst, framandgjering og frykt for det rettslause regimet inn i denne romanen, ja i mesteparten av det Kafka skreiv. Ettertida har også meir konkret sett at Kafka føregrip det totalitære diktaturet i Stalins og Hitlers utgåve.

I tillegg legg Kafka til ein direkte eksistensialistisk dimensjon: Einskildmenneskets forsvarslause einsemd og det vesle menneskets frykt for den personlege meiningsløysa i det ugjennomtrengjelege industrisamfunnet, styrt av upersonlege krefter.

Dette kan høyrast ut som ein klisjé, men utgjer ein resonansbotn for alt Franz Kafka har skrive.

Mange har òg sett eit varsel om Jean-Paul Sartre her. Den menneskelege dystopien har dei sams. Det vonde er «dei andre», skreiv Sartre illusjonslaust. Hjå Kafka går alle hovudpersonane til grunne i ei meir og meir deigaktig verd, grå og formlaus, men likevel treig, der skiljet mellom privat og offentleg er borte og individet eit atom som ingen hjelper.

Franz Kafka, sjølvportrett (1905–1907) frå etterlatne teikningar og skisser som venen Max Brod tok vare på til han døydde i 1968. Illustrasjonane til Kafka vart ålment tilgjengelege fyrst då det israelske nasjonalbiblioteket i Jerusalem vann rettstvisten mot arvingane etter Brods sekretær Ilse Hoffe i 2019.

Byråkratiet

Opp frå sidene i Prosessen stig også skildringa av det allmektige, hjartelause byråkratiet som ikkje vil seia kva gale Josef K. har gjort, men som drep han til slutt:

«Den eine herren la hendene til mot strupen til K., medan den andre støytte kniven hardt inn i hjartet hans og dreidde rundt to gonger. Med brestande augo såg no K. korleis herrane nær andletet hans, kinn mot kinn, stod stødde mot einannan og såg på avgjerda. ’Som ein hund’, sa han. Det var som om skamma skulle overleva han.» (Frå omsetjinga til Jon Fosse.)

Som alltid i store diktverk må vi gå inn i livet til diktaren for å skjøna kor opphavet til dette mismotet låg. Kafka hadde doktorgrad i juss og arbeidde heile livet i eit forsikringsselskap. Hovudoppgåva hans var yrkesskadeerstatning til arbeidarar. Han gjorde det godt og skreiv ei rad vedtak som leiinga skrytte av. Men han var også kritisk til tendensen arbeidsgjevarane hadde til å ta for lett på tryggleiken i byggjebransjen.

Frå arbeidet kjende Kafka godt til korleis byråkratiet arbeider: alle absurditetane, det drepande langsame tempoet, ikkje så sjeldan gleda blant funksjonærane når dei fekk audmjuke det vesle mennesket ved vanvitug regeltolking – tyranniet, det keisame kvardagslivet, hemnen frå skuffa funksjonærar, rutiniseringa av meiningsløysa.

Alle som opplevde kommunistiske tollkontrollørar i Aust-Europa under den kalde krigen, nikkar attkjennande. DDR var verst, med dei gråøygde grensevaktene som bada i sin eigen maktfullkomenskap. Her var Kafka framsynt.

«Orwell og Kafka – begge var temperaturmålarar for det 20. hundreåret.»

NKVD og Gestapo

Dei tre som kjem for å ta K., kjem frå banken han er tilsett i. Ordren om arrestasjon kjem frå ein instans K. ikkje visste eksisterte.

Her er det som om Kafka har levandegjort ein kombinasjon av Stalins NKVD, som bankar på døra di klokka fem om morgonen for å slepa deg til torturkjellaren i Lubjanka-fengselet, ikkje for noko du har gjort, berre fordi du er («folkefiende») – og Gestapo, som tek deg etter at nokon har meldt deg for ein uforsiktig replikk på trikken. Dette er nett «kafkask».

Det er få unnt å mynta ut ein karakteristikk av ein heil epoke slik Franz Kafka fekk til – og George Orwell, som vi seinare skal venda attende til. Dei to kan sjåast som komplementære i menneskesyn og samfunnsanalyse, trass i skilnadene i levetid. (Orwell levde nesten tre tiår lenger, til 1950. Begge døydde relativt unge, av tuberkulose.)

Orwell og Kafka var temperaturmålarar for det 20. hundreåret. «Kafkask» og «orwellsk» – begge desse storslegne skribentane har tilført språket og livskjensla vår fruktbare innsikter. Og meir direkte målande enn det mykje samfunnsvitskap kan seia oss.

Opp frå dei same sidene stig også Max Webers analyse av jarnburet i det moderne samfunnet: at alle menneskelege fasettar vert reduserte til strikt mål-middel-tenking («jarnburet») når all magi, farge og religion vert drivne ut av rasjonalitetens avsjela hegemoni – Entzauberung, avtrylling eller avmystifisering, som Weber kalla dette grunnleggjande strukturtrekket ved moderniteten.

Massesamfunnet

I moderne sosiologi finn vi òg ein lang tradisjon om «det einsame massemennesket» som arketypen i det moderne. Atomiseringa av individet gjer det endelaust sårbart fordi alle band som gjeld yrke, det sosiale, venskap, klasse, religion og region, vert rivne bort av arbeidsløyse, totalitære ideologiar, nasjonal audmjuking og store samfunnsendringar – alt i kjølvatnet av industrialisering, sekularisering og urbanisering.

Max Scheler, Hannah Arendt, Erich Fromm, José Ortega y Gasset, David Riesman og mange andre som kan kallast masseteoretikarar, er verde å nemne her. Kafka er resonansbotn for dei alle. Han er det tyskarane kallar ein Vordenker her òg.

Kafka skildrar nedslaget desse makroendringane får for det einskilde mennesket som vert knust av kreftene. Vi kan tenkja oss tektoniske, geologiske flak som støyter saman med eit brak. Under ligg individet.

Nett alle desse assosiasjonane melder seg ved lesinga av Kafka. Det berre stadfestar den posisjonen Kafka lenge har hatt som eit omdreiingspunkt for romankunsten i det 20. hundreåret.

Ja, kanskje betre, Kafka kan kallast eit krystalliseringspunkt der idéflaumar frå ulikt hald vert samla i eit konsentrat av innsikt og energi på individplanet. Som til dømes i personen K., som slik vert hundreårets representative personlegdom.

Disiplin som motgift

Ein som har teke desse temaa endå djupare, er litteraturprofessoren Asbjørn Aarnes. Han ser Prosessen som eit epos om lengten etter Gud. (Eller Kafkas kamp om og med den jødiske identiteten sin, har andre sagt.)

K. er offer for «gudsgløymsla», ei trå etter ein gud som blir verande taus. K. veit ikkje kven som kallar, kven som måler ut straffa, eller kven som fullbyrdar domen. Det er utoleleg.

Men enno lever ein søken etter Gud i K., han har ein metafysisk energi, om ein vil: «ennå lever uroen – i et mørke som tetner i likegyldighet», skriv Aarnes.

Problemet ligg her: K.s strev lèt seg ikkje temja.

Ein desperat overlevingsstrategi blir då å innretta livet sitt på to plan, redigera det etter «to timeglass samtidig». Det eine timeglaset varslar at verda har ei skjult meining, det andre at i kvardagslivet ligg ei trøyst; «det gjelder å røkte sitt kjøpmannskap og holde på kundene i denne eneste travle forretningsverden», skriv Aarnes.

Dagleglivet, kall det gjerne trivialitetens «jarnbur», blir då ein metode for å halda dei store livsproblema på handterleg avstand. Gjennom disiplin.

Det er som Odyssevs som bind seg til masta for å motstå songen til dei forførariske sirenene. Men her bind Kafka seg til masta for å hanskast med den fråverande guden.

Det er altså når «kontormennesket» vert råka av «transcendensen», som Aarnes formulerer det, at han opplever gudslengten. At han må omforma kontoret sitt «til metafysikk», det vil seia ordna livet sitt innanfor sjølvvalde rammer. Han må oppretta eit sjølvgestalta univers som ein fender mot alt uføresett. Kvifor? Fordi på kontoret har ein fullt herredøme over alt som kjem inn, og alt som skal ut.

Kafka «lar det metafysiske spørsmålet eksplodere i sinn som sitter fast i næringsstrevet», skriv Aarnes.

Det som for Aarnes gjer Kafka til ein stor epikar i vårt hundreår, er nett det at han skildrar «møtet mellom skyggene efter guden som ’sviktet’ og bevissthetsnivået hos hans romanfigurer». Dette er insiterande litteraturforståing.

Humanismens endelykt?

Kafka kan også brukast som springbrett for ein endå djupare sivilisasjonskritikk. Essensielt i humanismen i Europa er ein draum om det frie mennesket – det moderne mennesket frigjort frå fordomar, ukunne og bigotteri, med avstand til konformismen i det borgarlege samfunnet. Med frisk driftsutleving utan frykt. Som hjå dei norske kulturradikalarane.

Det er her, ved senteret i det moderne prosjektet, at Kafka lèt høyra frå seg. Med Aarnes’ ord om Kafkas reaksjon: «Tanken om herredømme er hovmod; mennesker er ikke lenger herre i sitt eget hus, ikke i det lille jeg’et, og slett ikke i det store hus. Kafkas visjon går ut over humanismens budskap om at det gjelder å styre liv og livskrefter.»

Ikkje herre i eige hus? Eit pessimistisk menneskesyn. Det er som å høyra Freud! Som vi ser, har Kafka ei sliteflate mot nesten alle djupe tenkjarar i det 20. hundreåret.

Kafka ville heller ikkje hatt mykje tolmod med uttrykket «framtida i våre hender». Det var nettopp «i våre hender» at jorda var blitt lagd aude, og «det var i våre begrepers grep at det overjordiske var blitt forvrengt og fortrengt». Så langt Aarnes.

Dagsaktuell

Ved hundreårsdagen for bortgangen hans – med eit Europa i krig og eit Israel med leiarar som kan verta dømde av den internasjonale straffedomstolen i Haag – har denne originale forfattarskapen fått ein endå sterkare relevans for å skjøna vår eiga livskjensle – og absurditeten i eksistensen vår.

Den som les Prosessen, vil med ein gong få assosiasjonar til George Orwells 1984. Lat oss sjå om det kan vera interessante møtepunkt her.

K. veit ikkje kven som plagar han, men det veit Winston, hovudpersonen i 1984. Det er Storebror som kontrollerer Winston mellom anna gjennom tovegsspeglar. Portrettet hans grin trugande fram på alle vegger i Sanningsministeriet. Der arbeider Winston for å fjerna fortida slik at Partiet kan forma framtida, for utan kontroll over fortida har ein ingen kontroll over framtida. Fortida er uendeleg formbar i slike regime. (Winston kunne fått gode arbeidsvilkår i Xis Kina, men i dag kunne han berre trykt på knappar i datasystemet for å viska ut partiuheldige omgrep frå fortida.)

Men Kafka har ikkje Orwells subtile analyse av dobbeltenkinga: kunsten å ha to motsette tankar i hovudet utan å bli forvirra – og omgrepstømminga til engelskmannen («Krig er fred»).

Orwell har på den andre sida ikkje Kafkas ambivalensar og humor. Orwells univers er like kaldt og jævlig, for å seia det rett ut, men på sett og vis meir oversiktleg. Begge skildrar vald (Orwell: «tenk deg framtida – det er ein støvel som trør på eit andlet i all æve»).

Både Orwell og Kafka hadde eit tvitydig tilhøve til oppvekstmiljøet. Orwell hadde ikkje Kafkas martrande tilhøve til faren (les Kafkas brev til faren, ein autoritær pater familias).

Kafka sleit med den jødiske identiteten sin heile livet. Tysk (oppblanda med jiddisk) var hans fremste uttrykksmedium, og han tala brukande tsjekkisk. Men kulturen hans var ein minoritet i ein kristen by. Det skapte særskilde spenningar.

Orwell var særs tvitydig andsynes klassesamfunnet England, især kolonialismen, som han hata (les Burmese Days). Kolonialismen bringa fram det tarvelegaste også hjå dei som var herrar, kolonisatorane, det vil seia han sjølv (han var politimann i Burma).

Både Kafka og Orwell vart særs kresne i handsaminga av språket, kan hende på grunn av denne «doble» oppveksten. Orwell er den dag i dag eit førebilete i å skriva klårt (som på «ei glasplate», som han skreiv i klassikaren Politics and the English Language).

På eitt punkt er det likskap. Alle Kafkas personar endar opp med å gje opp kjensla av eit sjølv, ved å stå nakne og sårbare andsynes det som sårar og gjer uroleg.

Men det skjer med Winston òg: Først når han innser at Partiet har rett – at to pluss to er fem – først då har han gjeve seg over. Først då er hans sjølv eitt med Partiet. Og han må ikkje berre lyda Storebror, han må elska han.

Like naken og sårbar som K.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap
og fast skribent i Dag og Tid.

Kjelde: Artiklane «Franz Kafka» og «Humanismen under tiltale», ss. 65–83 i Franz Kafka: Fortellinger, omsett av Asbjørn Aarnes (Oslo: Bokvennen 2015)

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis