Mat

Luksus con carne

I mine unge dagar på Club 7, sjølvaste motkulturbastionen på sytti- og åttitalet, stod chili con carne alltid på menyen.

Det ser mykje ut med jalapeno og chili, men det er ikkje alltid så sterkt. Smak uansett ein liten bit, så veit du litt om styrken.
Det ser mykje ut med jalapeno og chili, men det er ikkje alltid så sterkt. Smak uansett ein liten bit, så veit du litt om styrken.
Publisert

Eg har blitt 67 år gammal no. Folk driv og gratulerer meg og seier at no skal eg vel leve pensjonistlivet? Å nei, far, å nei, mor, så langt derifrå – eg held fram som før, med den einaste skilnaden at eg no får att litt av skatten eg har betalt gjennom eit førti år langt yrkesliv.

Det er kjekt å vite at eg no kanskje slepp å overleve på dei tomme brusflaskene mine og magre Trumf-poeng når det knip. Vi halvkunstnarar heiter jo det fordi vi har halv løn.

Men skal eg no ikkje forandre på noko? Jo, kanskje. Det vert nok færre middagar med krevjande førebuingar og haugevis av tilbehøyr. Eg vert litt stressa av å «taime» saus, råvarer og grønsaker til det perfekte tidspunktet. Men eg har ei visse om at folk set like stor pris på enklare ting, som ei langkokt gryte. Det sparar meg for nervøsiteten med få til alt rett, til rett tid.

Ein klassikar blant gryter er chili con carne – eller chili med kjøt. I mine unge dagar på Club 7, sjølvaste motkulturbastionen på sytti- og åttitalet, stod chili con carne alltid på menyen. Den vart servert med ein dugeleg porsjon ris, så ein vart mett den dagen, og det til ein billig penge.

Det kom godt med om eg syntest jazzen var fantastisk, gløymde meg og ikkje rakk siste bussen, så eg måtte haike heim til Romerike på nattetid. Ikkje alle ville ha ein langhåra type inn i bilen klokka to om natta som i tillegg lukta sterkt av øl, kvitlauk og chili.

I chili con carne kan du bruke kva slag raudt kjøt du vil, men eg har vanlegvis halde meg til kverna kjøt. Denne gongen hadde eg stukke hovudet langt ned i frysaren og oppdaga nokre flotte pakkar med kverna hjort og rein, så i denne varianten er det om lag like mykje av storfe, hjort og reinsdyr. Du bruker sjølvsagt det kjøtet du vil. (Vil du lage ein chili sin carne, byter du ut kjøtet til med til dømes tre forskjellige typar bønner).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement