Kunnskap

Luktesans

Mange fisk bruker lukt for å orientere seg og for å finne heim, men surare sjøvatn kan øydeleggje denne evna.
Mange fisk bruker lukt for å orientere seg og for å finne heim, men surare sjøvatn kan øydeleggje denne evna.
Publisert

Luktesans, eller kjemoresepsjon, var den aller første sansen som vart utvikla i dyreriket, og den grunnleggjande anatomien for luktesans har vore med oss gjennom 500 millionar år med evolusjon.

Ved å fange opp kjemiske signal frå omverda kunne dei første, enkle organismane styre bort frå fare og i retning av dei gode tinga i livet: kvile, mat og sex.

Nummer 1

Luktesansen hos dyr har to hovudfunksjonar: vanleg luktesans og feromonluktesans. Den vanlege luktesansen startar i nasehola, eller rettare: i eit spesialisert epitelvev som er bygd opp av slimkjertlar, støtteceller og nerveceller. På overflata av nervecellene er det fine flimmerhår der luktmolekyla blir fanga opp. Frå nervecellene i nasen går signala rett til luktenerven, også kalla hjernenerve nummer ein. Denne går vidare til den fremste delen av storhjernen. Dei fleste andre sansane, inkludert smakssansen, er kopla om via hjernestammen.

Lukt er altså høgt prioritert, truleg fordi det å oppfatte og tolke signala frå luktesansen var det som starta utviklinga av sentralnervesystemet, og fordi luktesansen er så avgjerande for overleving og reproduksjon.

Hos pattedyr blir heile 1 prosent av gena brukte til å kode for luktesans. Det er ingen andre sansar i heile dyreriket som har ei så tjukk brukarrettleiing. Men primatar, særleg menneske, er i særstilling dårleg utrusta med luktesans. Hos oss har firefarga stereoskopisk syn overteke mykje av den jobben luktesansen har hos andre pattedyr. Eit menneske kan rett nok skilje millionar av ulike stoff i svært små konsentrasjonar, men vi har ikkje meir enn 50 millionar lukteceller, fordelte på 10 cm2 med lukteepitel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement