Essay
Lyden av ein nattergal
Måten Mattis Kleppen spelar den elektriske bassen på, er eineståande.
Teikning: May Linn Clement
Å bu i Bø inneber at ein kan vere spelemann både med hardingfele og med elektrisk bass, slik som Mattis Kleppen. Sjølv om han ikkje av utsjånad ser ut som han jobbar i Sparebank 1 Telemark, slik skulpturen av spelemannen Torkjell Haugerud på Bø jernbanestasjon ser ut som han gjer.
Ikkje eitt vondt ord om Torkjell Haugerud; her om dagen var Mattis Kleppen i Folkemusikktimen på NRK og spela favorittane sine, og da spela han Haugerud. Og det neste må vere at dei spelar som rabulistar, det er myten om Myllarguten eg tenkjer på, og ifølgje ordbøkene betyr det at dei er bråkmakarar.
Nå veit ikkje eg om Mattis Kleppen er ein bråkmakar, men han spelar både åleine og i tremannsgruppa Resjemheia med felemakar og spelemann Ottar Kåsa og trommeslagar Kenneth Kapstad. Kva om han er i slekt med Egil Kapstad, som Jan Erik Vold har omdøypt til «jazzens svarttrost»?
Det er måten Kleppen spelar den elektriske bassen på, som er eineståande, for han bruker bassen som soloinstrument og ikkje som ein rytmisk vegg for å drive fram musikken. På ein snål måte er dette tremannsorkesteret tre individuelle musikarar; heile orkesteret prøver å fornye folkemusikken, og på ein måte er det mykje sær modernisme i hardingfela.
Bandet Resjemheia gjer det djupare nye enda meir djupt, og det er flott. Det blir jo sagt at Aasmund Olavson Vinje og tidsskriftet hans Dølen fornya nynorsken, og desse gutane er i slekt med Dølen og med Vinje.
Måten Mattias Kleppen spelar solobass på minner om den amerikanske jazzbassisten Jaco Pastorius, det er noko lett og samtidig dvelande over spelet til Kleppen, og han vrir og vender på bassen, og det læt ikkje som bass, det er lyden av mjuk og hard konsentrasjon, og i samspelet med dei to andre gutane blir det som å høyre norsk folkemusikk om 30 år, som ein rekyl frå framtida, før han legg seg til kvile i fanget til dei nye dølane, ettersom dette er ei stort brot med tradisjonen og samtidig er det i tradisjonen, akkurat som da James Joyce skreiv Ulysses.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.