Magesår og nytenking
Barry Marshall og Robert Warren fekk Nobelprisen fysiologi eller medisin i 2005.
Foto: Jonas Ekstromer / AP / NTB
Sjukdomen magesår har plaga menneskja gjennom tusenvis av år, men diagnosen kan ha vore vanskeleg i farne tider. Ein over 2000 år gamal mumie frå Han-dynastiets dagar fekk nyleg påvist teikn til magesår, det var i høgste grad post mortem.
Symptoma på magesår vil vera kjende for mange av lesarane: magesmerter og brystsvie nokre timar etter måltid, lindra av at ein drikk mjølk eller tek syrenøytraliserande. Det er oftast ein godarta tilstand med periodevise plager. Berre sjeldan førekjem det alvorlege komplikasjonar som perforasjon (hòl i magesekken eller tolvfingertarmen) eller bløding.
Fyrst tidleg på 1900-talet vart det mogeleg å stilla ein sikker diagnose hjå levande pasientar, med røntgenbilete etter kontrastinntak eller med gastroskopi (undersøkjaren granskar innsida av magesekken gjennom ein fiberoptisk kabel). Heilt sidan den tid og fram til kring 1990 var det opplese og vedteke at magesyra var hovudårsaka til magesår.
Etter kvart kom ein til at sterkt krydra mat og psykisk stress kunne medverka ved å auka syreproduksjonen. Tilstanden fekk stundom merkelappen «psykosomatisk», underforstått at det var psykisk stress som skadde kroppen og påførte individet sjukdom.
Ideen om at magesyra var hovudårsak, var avgjerande for behandlinga i mange år. Fyrste steg var difor syrenøytraliserande middel og lett kost, stundom med skjerming og avstressande sengeleie. I hardnakka tilfelle vart det gjort kirurgiske inngrep der ein reduserte syreproduksjonen ved å fjerna delar av magesekken eller berre dei tilhøyrande nervefibrane. Det var store inngrep, som hjelpte godt i fyrstninga, men ofte med tilbakefall.
I 1976 kom eit nytt og revolusjonerande medikament, cimetidin, som reduserte syreproduksjonen i magesekken. Det kunne nok lindra plagene, men mange pasientar måtte ta tablettane i årevis, sidan sjukdomen aldri vart kurert. Medikamentet vart ei gullgruve for lækjemiddelindustrien, med årlege sal på over 1 milliard dollar.
I 1982 klarte to australske lækjarar, Barry Marshall og Robert Warren, å påvisa bakterien Helicobacter pylori hjå magesårpasientar. Det hadde vore vanskeleg, og dei hadde opplevd vonbrot. Dei fyrste 30 prøvene dei analyserte, var utan teikn til bakteriar. Det var av di prøvene vart kasta for tidleg, synte det seg. Men ein dag i påskeferien vart ei prøve liggjande for lenge på laboratoriet, og då voks bakterien Helicobacter langsamt fram. Deretter endra dei metoden og klarte i 1982 å identifisera mikroben hjå fleirtalet av pasientane med magesår.
Men ingen av kollegaene deira lét seg overtyda av dette funnet. For det fyrste «visste» alle den gongen at bakteriar ikkje kunne overleva i den sure magesafta. For det andre: Desse såkalla bakteriane til Marshall og Warren kunne jo ha kome til etter at magesåret hadde utvikla seg og berre vera eit sekundært fenomen.
Neste steg for dei to forskarane var difor å påvisa at denne bakterien faktisk kunne utløysa infeksjon og sjukdom hjå forsøksdyr. Dei gjorde fleire mislukka forsøk på rotter og griser. Til slutt innsåg Marshall at eksperimentet måtte gjennomførast på ein friviljug forsøksperson. Hypotesen hans var at vedkomande ville utvikla ein langsam og slumrande infeksjon som førte til magesår etter eit år eller to – og då måtte kollegaene hans endeleg innsjå at Helicobacter var årsaka.
Det var vanskeleg å finna friviljuge som ville utsetja seg for å bli magesjuke. Men Marshall var sterkt motivert av all motgangen og valde difor å gjera forsøket på seg sjølv – utan å informera andre. Han fekk tak i magevæske frå ein pasient, fann bakteriane, blanda dei ut i ei velling og tylla i seg det uvanlege brygget. Etter berre fem dagar vart han sjuk, med rumling i magen og oppkast.
Plagene auka på, han kjende seg elendig, og etter ti dagar vart han gastroskopert. Han hadde utvikla ein kraftig magekatarr, og prøvene var fulle av bakteriar. Då var tida inne til å fortelja kona og borna kva han heldt på med. Kona var ikkje blid; ho vart uroleg for helsa hans og for at han skulle smitta heile huslyden. Men han visste kva antibiotika som skulle til for å ta knekken på Helicobacter, og vart frisk etter ein kortvarig kur.
No hadde Marshall og Warren endeleg synt vitskapleg at magesår (og magekatarr) var ein infeksjonssjukdom. Det var ein sensasjon, i strid med den etablerte fagkunnskapen og «det alle visste» om magesårsjukdomen. Dei publiserte konklusjonane sine i 1985, men fyrst utpå 1990-talet vart den nye forståinga akseptert og teken til fylgje i fagmiljøa.
Litt etter litt fekk funna deira store konsekvensar.
Fyrst og fremst for pasientane: Sjukdomen er ikkje blitt utrydda, men førekjem i dag langt sjeldnare enn tidlegare; behandlinga er blitt enklare og billegare, og dei fleste blir kurerte.
For det andre for sjølve faget medisin: Kunnskapen om Helicobacter og magesår har opna for å forstå meir av samspelet mellom bakteriar og menneske. Det kan vera relevant for å kartleggja andre sjukdomar der mikrobar kan vera vanskelege å påvisa. Dessutan har me lært at det medisinske fagmiljøet var altfor fastlåst i dei gamle sanningane, delvis av autoritetstru og gamal vane, delvis av litt for tett samarbeid med lækjemiddelindustrien.
Og ikkje minst for dei to forskarane: Marshall og Warren fekk Nobelprisen i fysiologi og medisin i 2005.
Haldor Slettebø
hsletteb@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han fekk tak i magevæske frå ein pasient, fann bakteriane, blanda dei ut i ei velling og tylla i seg det uvanlege brygget.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.