Teknologi

Magnetron

Mikrobylgjeomnen dekonstruert. Nedst til høgre ser ein magnetronet. Dei to svarte ringane er keramiske magnetar, og det bøygde metallet er kjøleribber. Antenna stikk ut mot krinsteikninga av omnen. Sjå det på video: https://youtu.be/eT5oVD-hWPw!
Mikrobylgjeomnen dekonstruert. Nedst til høgre ser ein magnetronet. Dei to svarte ringane er keramiske magnetar, og det bøygde metallet er kjøleribber. Antenna stikk ut mot krinsteikninga av omnen. Sjå det på video: https://youtu.be/eT5oVD-hWPw!
Publisert Sist oppdatert

Det hende i dei dagar då eg framleis hadde eit kontor. Ein representant frå Store norske leksikon (snl.no) kom på umeld vitjing. Han hadde høyrt hjå professorar ved Universitetet i Bergen at eg kunne skriva.

Eg sa at eg nok ikkje hadde ein stil som passa for eit leksikon, men han gav seg ikkje. Eg skreiv under. Eg tenkte i mitt stille sinn at det kunne jo vera greitt å ha det på CV-en, sjølv om eg ikkje produserte noko som helst.

No har eg nettopp fått løna frå snl.no – 0 kroner. Akkurat som fortent. Rett etterpå kom eit e-brev frå han i snl.no. Han minte meg på at eg hadde lova å skriva om magnetron. Kva veit han om at det rippar opp gamal skam?

Då eg byrja yrkeskarrieren min i 1984, vart eg sett til å samarbeide med Erik Mack, som hadde vore teknikar i England under krigen. Han fortalde spanande historier om utviklinga av radar og om magnetron, som produserte det høgfrekvente radarsignalet.

Nokre år etter at Erik Mack døydde, ynskte eg å skriva ei hyllest til han og magnetronet. Eg vart refusert då bladstyrarane i Fra Fysikkens Verden peikte på at eg ikkje hadde forstått verkemåten til magnetronet. Dei hadde sjølvsagt rett, men dei kunne jo ha hjelpt meg med å få det rett.

Er det så pinleg å ikkje forstå korleis magnetronet verkar? Nei, det er noko av det mest avanserte innan elektriske komponentar. Magnetron har me overalt. Dersom du har ein mikrobylgjeomn, så finn du eit magnetron inni den.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement