Essay
Mankurt kokar hovudet
Vegen til godt språk i ein sunn lekam går forbi Stanghelle.
Eg var nesten nådd Brekkjen då eg tok avgjerda. Sykkelturen langs Dalevågen hadde gått greitt, det var sol, kveps og sprettande aure, men frå Helle vart det brått brattare. Var det bakken som var for tung, eller var det magen?
Det var ikkje nokon kolossal redaktørmage eg hadde fått, nei, men eit diskré teikn på den daglege nasinga i kråskapet. Det måtte bli ein slutt på snoping på kvardagane. Medan eg skubba sykkelen opp siste kneika, forma ein seinsommarlovnad seg. Berre snop på laurdagar. I minst eitt år, fram til august 2024. Då kunne spørsmålet takast opp til ny vurdering.
Det var ikkje min feil, det med magen. Nei, skulda låg hos ukrainske styresmakter. Familien min og eg hadde budd i Kyiv gjennom heile koronaperioden. Under vekevise sprintar til butikken etter forsyningar byrja eg riva med meg stablar med sjokolade av merket Roshen. Sjokoladen var oppkalla etter den førre presidenten, Petro Porosjenko, som no var opposisjonspolitikar med eigen sjokoladefabrikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.