Kultur

Med bygdesketsjar til hovudstaden

Etter lang tids venting kan folk i Oslo endeleg stå i Tønes-kø att, og le seg skakke av ein ny sketsj han skreiv for to år sidan.

– Under nedstenginga har eg øvd meg på fingerspel for å halda demonane unna, fortel Tønes på Deichmanske bibliotek i Oslo etter at han har halde konsert i hovudstaden med songar han spelte inn før pandemien nådde Noreg.
– Under nedstenginga har eg øvd meg på fingerspel for å halda demonane unna, fortel Tønes på Deichmanske bibliotek i Oslo etter at han har halde konsert i hovudstaden med songar han spelte inn før pandemien nådde Noreg.
Publisert

Her me sit ein måndag føremiddag på nye Deichmanske bibliotek i Bjørvika i Oslo, med utsyn mot Operahuset og Munchmuseet, er me langt frå Haua, det lokale kjælenamnet på Hauge i Dalane i Sokndal kommune, heimstaden til Frank Tønnesen, kjend som Tønes, ein stad med eit par tusen innbyggjarar, ein stad mellom Flekkefjord i Agder og Egersund i Rogaland.

Bygderevyen

I fleire år har eg før jol reist ei helg til Haua for å gå på den lokale bygderevyen, med sørvestlandsk jolebord og overnatting i eit av småhusa til Sogndalstrand kulturhotell i eit Skomakargate-idyllisk smug. Strandstaden er gamal og visetradisjonen sterk. Då musikkens Ivar Aasen, Ludvig M. Lindemann (1812–87), fór kring i landet og samla inn visetekstar og -melodiar, gjorde han gode funn i Sokndal, der Henriette Scheldrup (1818–84) forsynte han med materiale til «12 Viser fra Soggendahl i Christiansands Stift». Som vise- og revydiktar står Tønes i ein lokal tradisjon der dialekten har vore viktig, for Scheldrup som for han.

Det vart ingen jolerevy å dra til i fjor, under nedstenginga, men elles kjem eg. Songane og sketsjane i bygderevyen held eit så høgt nivå at dei seinare vert spellemannprisvinnande landeplager i radio og fjernsyn. Då eg var der i desember 2017, laga eg her i Dag og Tid ein reportasje om revyen som Tønes skriv og spelar i lag med Egersund-poeten Ingvar Hovland.

Tønes-albumet Sesong fire (2017) var då heilt ferskt. Men der var det ikkje revystoff. Tønes har gjeve ut album i 25 år, og Sesong fire var vel det fyrste utan ein song som hadde byrja som ein galen sketsj, utan ein «Yatzy» (2008), «Sånn koga eg» eller «Eg går og legge meg». Dei to sistnemnde kom på albumet Sån av Salve (2012), der dei medverka til det nasjonale gjennombrotet. Har det gått med skøyaren Tønes som med son av Salve i tittelsongen?

Dialekten va ødelagte

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement