Teknologi

Med naturen som læremeister

Messerschmitt 262 er den vakraste drapsmaskinen som nokon gong er laga.

Svala var modell for dei skråe vengjene til Messerschmitt Me 262.
Svala var modell for dei skråe vengjene til Messerschmitt Me 262.
Publisert

Sjølv realistar treng ferie. Eg sit på ein krakk i morgonsola på Hasselgarden og pratar med vertinna. Jomfruland er himmel på jord, og når eg ser opp, er lufta fylt med svaler.

Der rauk den ferien. Eg byrjar å tenkja på verdas fyrste jetjagar, Messerschmitt 262, som er den vakraste drapsmaskinen som nokon gong er laga.

Tyskarane kalla flyet «Scwalbe», for dei hadde stole ideen med å bøya vengjene bakover frå svaler. Slike vengjer gjev særs god stabilitet ved høg fart. Jomfruland er eit fugleeldorado, og eg vert nok aldri nokon ornitolog.

I neste setning fortel vertinna at det er seglarar, ikkje svaler som flyg over hovudet på oss, og dei er skapte for eit liv i lufta med dei effektive og vene vengjene sine. I seglflukt ser forma deira ut som Jomfruland sett ovanfrå.

Ideen om borrelåsen

Leonardo da Vinci studerte fuglar noggrant då han prøvde å laga flygemaskinar alt på 1400-talet, men det var Otto Lilienthal som fyrst klarte å flyga med glidefly og løysa stabilitets- og manøvreringsproblema. Seinare sette brørne Wright på motorar som gjorde det mogleg for mennesket å flyga fritt som fuglen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement