No har eg høyrt på Leif Ove Andsnes i fjorten dagar til ende. Han har kost seg med eit veltemperert klaver. Han har kjærleik for Rakhmaninovs tredje klaverkonsert fordi han er teknisk vanskeleg, medan eg likar Mozart best fordi musikken hans er vakker.
Kanskje det er på tide å ta opp igjen musikkteorien der eg forlét han for fjorten dagar sidan, akkompagnert av livleg musikk?
Tolvtonemusikk
For piano er det føremålstenleg å laga dei tolv intervalla i ein oktav like. Sidan ein oktav gjev fordobling av frekvensen, må intervalla vera slik at frå ein C til neste C må brøken vera 2. Det gjev eit forhold på 1,0595 mellom to tonar. Rett nok vert pianoet litt surt (såkalla temperert), men kva gjer ein ikkje for å få litt orden i tilværet?
Det gjev skalaen fylgjande frekvensar: 261,6, 293,7, 329,6, 349,2, 392,0, 440,0, 493,9 og 523,2 hertz. Dei svarte tangentane i same oktav får frekvensane 277,2, 311,1, 370,0, 415,3 og 466,2 hertz. Tonane til dei svarte tangentane namngjev ein med utgangspunkt i dei nærliggjande kvite tangentane. Går ein opp eit halvt tonetrinn, vert det brukt #, og går ein ned, vert b brukt. Tangenten mellom C og D kan difor anten verta namngjeven C# eller Db. Dei tolv tonane som alle er skilde med eit halvt tonetrinn, kan no verta lista opp: C, C#, D, D#, E, F, F#, G, G#, A, A# og H.
Noko i den duren
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.