Mat

Melanzane alla parmigiana

Himmelen kjem, som mange veit, også i vegetarversjon.
Himmelen kjem, som mange veit, også i vegetarversjon.Himmelen kjem, som mange veit, også i vegetarversjon.
Publisert

Eg var faktisk i Spania då eg smakte denne klassiske italienske retten for fyrste gong, og du milde moses som eg blei frelst. Eg åt ikkje noko anna som hovudrett ei heil veke til ende, det var umogleg å bli lei.

Dei som meiner dei «må» ha kjøt i måltida sine, kan berre slutte å lese her, for auberginen er den kjekke helten denne gongen, og tomatane er den vakre heltinna.

Oppskriftene på melanzane alla parmigiana kan variere en del; somme går den lange vegen og drysser salt på aubergineskivene for å fjerne den såkalla bittersmaken, men høyr no på Nordbø som seier: Nei, nei, det treng du absolutt ikkje. Iallfall ikkje i min versjon, og heller ikkje i den til Jamie Oliver.

Eg lener meg ein smule på oppskrifta hans i denne herlege vegetarretten, sjølv om han gjer ein god del ting annleis i variantane sine. Han kokar ikke sausen lenge nok (Fy, Jamie!), og han friterer aubergineskivene, men det synest eg blir reint for mykje olje, han blir jo heilt sogen opp av fruktkjøtet. Uansett – gå ut og skaff deg nokre flotte auberginar og lag denne retten som hovudrett til fire. Han kan også vere noko attåt, for eksempel til kjøt.

Aller fyrst: I ei gryte med litt olivenolje, ha i nokre stilkar fersk eller ei matskei tørka oregano, tomatpuré og ein boks heile tomatar med safta. Hakka tomatar går også fint. La dette vedunderbrygget koke i minst en halvtime mens du rører om av og til; min argaste og stoltaste kjepphest er, som lesarane no heilt sikkert veit, at hermetiske tomatar berre blir betre jo lenger dei koker. Tjuknar det for mykje, ha i ein skvett vin, kraft, vatn eller buljong.

I mellomtida – skyl og reins auberginane og klapp dei tørre på kjøkenpapir. Skjer dei i tjukke skiver og legg dei på grillen eller i ei grillpanne inntil du har eit fint mønster på begge sider, som du ser på biletet. Når du har grilla ferdig, begynner tomatsausen å nærme seg den perfekte tilstanden. Smak til med salt, pepar og litt sukker eller ein sprut flytande honning, for hurra meg rundt, her er det mykje god syre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement