Teknologi
Metaverset
Metaverset skal bli eit audiovisuelt rom der den fysiske og den digitale verda smeltar saman.
Foto: Pixabay
Etter middagsluren tek du på deg ei maske med innebygd skjerm og lyd, ei såkalla virtuell røynd- eller VR-maske. Du er i eit hus som liknar ditt eige, men når du går ut, er Vinmonopolet vegg i vegg. Du går inn og vert møtt av ein digital figur, ein avatar, som spør om kva du ønskjer. Du vil gjerne ha ein god raudvin til lammesteika og får gode råd om det. Nokre vener er der òg og de diskuterer erfaringar med vin til lam. Så går du til kassa og betaler. Når du tek av deg VR-maska, er vinen alt på veg med ekspressleveranse.
Om Mark Zuckerberg får det som han vil, kan dette vere røynd om nokre år. I vinter kunngjorde Facebook-sjefen at selskapet skiftar namn til Meta. Han forklarte at selskapet har som mål å byggje ein ny versjon av internett som dei kallar «metaverset».
Metaverset skal ifølge Silicon Valley verte etterfølgjaren til det mobile internettet som vi har brukt på smarttelefonen sidan midten av 2000-åra. Metaverset skal bli eit audiovisuelt rom der den fysiske og digitale verda smeltar saman, og brukaren kan oppleve allslags interessante tenester ved hjelp av VR-masker og avansert tredimensjonal interaksjon.
Alle som deltek i metaverset vert representerte av digitale avatarar. I det digitale rommet handlar desse på dine vegner, dei ser ut som deg og snakkar som deg. Ved hjelp av avataren sit du i møte med kollegaer, går på konsert med venner eller kjøper vin og anna i den virtuelle butikken. Metaverset vert som eit gigantisk sosialt medium, berre at du har langt sterkare kjensle av å vere saman med andre. «Vi kan føle oss til stades, som om vi er der saman med folk, uansett kor langt vekke frå kvarandre vi faktisk er», sa Zuckerberg.
Tanken om metaverset vert møtt med ein del skepsis og fnysing, men koronatida har vist oss potensialet i sosial interaksjon på nett. Videomøte og andre meir avanserte former for virtuelt samvær er ofte både billigare og meir fleksibelt enn å møtast i den fysiske røynda.
Den tekniske kvaliteten på opplevinga i online-møte er ofte ikkje så god. Metaverset er derimot basert på ein premiss om at kvaliteten skal vere nærast uendeleg god. VR-maska må vere så komfortabel at folk kan ha henne på seg lenge kvar dag. Tenestene må vere varierte og kunne tilfredsstille allslags behov frå brukarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.