Kunnskap

Mishandling

I heile verda har det vore vanleg med «kampar» mellom til dømes hundar og fastbundne oksar, bjørnar eller andre dyr. Her ein illustrasjon frå 1300-talet der ein bjørn forsvarer seg mot fire hundar.
I heile verda har det vore vanleg med «kampar» mellom til dømes hundar og fastbundne oksar, bjørnar eller andre dyr. Her ein illustrasjon frå 1300-talet der ein bjørn forsvarer seg mot fire hundar.
Publisert

«Å verne dyra er å gagne menneska» skreiv den franske forfattaren og poeten Émile Zola. I den nyaste lova om dyrevelferd står det at dyr skal takast godt vare på og vernast mot fare, og at dyr har eigenverd utanom den nytteverdien dei har for oss menneske.

Men menneska kan vise til ei lang historie med mishandling og vanstell av dyr, og dette er diverre enno eit aktuelt problem.

Smerte

Religiøs tru som plasserer menneska øvst i skaparverket, har vore nytta til å legitimere dyremishandling. Filosofar og forskarar har ikkje vore noko betre, det har vore vanleg å hevda at dyr har korkje sjel eller evne til å oppfatte smerte. Tortur og drap av dyr har vore både underhaldning og religiøs praksis.

Men haldningane til dyr og deira liding har heldigvis endra seg dei siste tiåra. All ny forsking tyder på at nervebanane og hormonsignala som ligg til grunn for stressreaksjonar og smerteoppleving, dukka opp svært tidleg i utviklingshistoria, og at evna til å oppleve frykt og smerte difor er noko vi menneske har til felles med dyra. Pattedyr registrerer og oppfattar smerte på ein måte som truleg er svært lik vår. Det same er vist for fuglar, og vi er i dag sikre på at også fisk, krypdyr og amfibium har evne til å oppfatte smerte.

Til og med krepsdyr og insekt har komplekse nervesystem og fysiologiske responsar som kan tyde på evne til medveten smerteoppleving.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement