Mat
Møyraste kyllingen
Matmonsen: «Både oliven og kapers vert til små, milde saltbomber, og den smaken vil du gjerne ha.»
Slik gjer du det. (Lat som du ikkje ser den smørklatten.)
Foto: Dagfinn Nordbø
Det er mykje å seie om kyllingar. Vi nordmenn kjøper enorme mengder kyllingfilet, og eg flirar godt når eg ser det står «Indrefilet av kylling» på pakka. Eg trur både Tor, Odin og Vårherre gremmar seg over slikt, for kyllingen har då ingen indrefilet!
Men det store problemet med filetar er at folk har lett for å oversteikje dei, med turt viskelêr som resultat. Så derfor bør du gå for ein heil fugl.
Heile kyllingar kjem i mange former her i landet, og det finst sjølvsagt endå fleire spennande typar utanlands. Men kva er viktig å vite om skilnaden på dei me får her heime? Jo, dei masseproduserte er gjerne feitare og saftigare enn dei økologiske.
Skal eg ha ein kylling på grillen, då vel eg helst ein traust industriprodusert ein. Eg gnir han inn med ein såkalla «rub», altså spesialkrydder som er laga spesielt for steiking av kjøt. Mange av dei kan med hell brukast på alle typar kjøt.
Er eg skikkelig lat ein dag, og det skjer titt og ofte, då fiskar eg med meg ein nysteikt kylling frå supermarknaden. Vel heime varmar eg ein halv pariserloff eller store surdeigsbrødskiver i omnen. Så riv eg kyllingkjøtet frå kvarandre og byggjer eit dobbelt smørbrød med modne tomatskiver, knasande sprø salat og så – prikken over i-en – dugeleg med favorittmajonesen min. Det er middag god som nokon, og særleg for oss utgamle ungkarar. Det tek fire minutt å smelle det saman, og kombinasjonen av desse ingrediensane er himmelsk.
Har eg god tid ein dag, eller har eg folk på vitjing rundt bordet i helga, vel eg gjerne ein stor økologisk kylling eller, som denne gongen, ein líveche på om lag to kilo. Og kvar gong får eg kommentaren eg helst ynskjer meg når folk har smakt på maten: «Dette er det møyraste og saftigaste kjøtet eg nokon gong har smakt!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.