Teknologi

Musikkteori for tonedauve

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?
Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?
Publisert Sist oppdatert

Eg er bjørnen Colargol, som kan syngja i dur og moll. Nei, rett nok har eg gått i hi her på sofaen, men musisering har aldri vore mi sterke side. Heldigvis er utsikta god.

Dei tekkjelege barna mine speler Beethoven firhendig til fars store undring og glede. Det er godt at ikkje alt går i arv, men dette må vel nærast verta kategorisert som mutasjon. Er det verkeleg gena mine? Kva er det dei intuitivt forstår som eg ikkje fattar?

Alt er tal

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon. Musikk har gledd mennesket i uminnelege tider og kanskje før det òg. Alt dronning Shubad frå Ur lytta til ljuvlege harpetonar 2700 f.Kr. Ja, og når me først er inne på Jesus, hugsar me vel alle forteljinga om forfedrane hans som song og dansa rundt gullkalven – ein sjanger som aldri heilt har gått av moten.

Musikkteori, derimot, var det grekarane som var fyrst ute med. Pytagoras (525 f.Kr.), filosofen med x2+y2=z2, fann ut at dersom lengda av to eller fleire strenger oppfører seg som brøkar av små heile tal, lagar dei lyd som gjev fryd for øyra.

Dersom ein streng er dobbelt så lang som ein annan, vil frekvensen til lydbylgja frå den kortaste strengen vera den dobbelte av den frå den lengste strengen, og desse tonane blandar seg vakkert i våre øyre. Harmoniar skapte av tre tonar, ein treklang, lyder godt (i alle fall for oss i den vestlege kulturen) dersom frekvensane oppfører seg som brøkar av 4, 5 og 6.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement