Nær dauden
Paul Soloway (1941–2007) under bridge-VM i Lille i Frankrike i 1998.
Foto: Shireen Mohandes / Wikimedia Commons
Før jul vart den amerikanske haustmeisterskapen spela i Atlanta i Georgia. Soloway Knockout Teams, heiter den. Amerikanarane har tre slike store meisterskapar per år, som forutan å samle tusenvis av spelarar i det som unekteleg er verdas største bridgenasjon, dreg til seg ei rekkje stjerner frå heile verda, Noreg inkludert.
Denne gongen vart hovudtevlinga eit vonbrot for dei norske deltakarane. La oss difor ikkje dvele ved resultatlista, men heller sjå litt nærare på namnet Soloway. Når det gjeld Paul Soloways bridgekarriere, bør det straks nemnast at den ikkje ville ha vorte røyndom utan velgjerningane til ein illgjeten gangster.
Soloway, fødd i Los Angeles i 1941, var tre år gamal då familien ein dag vitja venen George Raft, ein skodespelar som ikkje berre spela gangster i ei rekkje filmar, men òg heldt seg med diverse gangsterar i omgangskrinsen. Til stades i same selskap som familien Soloway var jødiske Benjamin «Bugsy» Siegel – leigemordar, spritsmuglar i forbodstida og ei av eldsjelene bak utviklinga av hotell- og kasinogata The Strip i Las Vegas. Då vesle Paul Soloway ramla ut i symjebassenget og heldt på å drukne, var det nettopp Siegel som hoppa uti og berga han.
Soloway sleit i vaksen alder med dårleg hjarta, men fleire store operasjonar hindra han ikkje frå å vinne fem verdsmeisterskapar for USA og ein haug med amerikanske meisterskapar. Då han vann den prestisjetunge tevlinga Vanderbilt i Cincinnati i år 2000, måtte han kvar kveld dra til sjukehuset for å få intravenøs antibiotika. Under like gjæve Spingold i 2007 sat han i elektrisk rullestol, men siger vart det like fullt. Tre månader seinare var det slutt, og han vart kremert med ein kortstokk i handa.
Bugsy Siegel, derimot, vart skoten og drepen alt i 1944. Drapssaka er uløyst.
Erlend Skjetne
Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.