Mot haust med storspovehoene
Storspoven er ein stor vadefugl med karakteristisk nedoverbøygd nebb. I Noreg hekkar også syskenarten småspove, som har liknande kroppsfasong.
Foto: Sveinung Lindaas
Det er ei tid då vår og haust møter kvarandre: Medan dei siste seintrekkjarane framleis er på veg nordover og landar i von om å hekke, tek dei fyrste vadefuglane til vengjene og byrjar ferda mot sør. Det er månadsskiftet juni–juli, og vår- og hausttrekket kryssar kvarandre.
Blant dei som trekkjer tidleg sørover, er storspoven ikonisk, og samlingar på fleire titals individ i andre halvdel av juni er eit teikn på at hausttrekket sakte er i gang. Men storspoven er også kjend for dette særmerket: Hoene dreg frå kullet før hannane, om lag midtvegs i oppfostringa. Det er fedrane som vert att og tek seg av ungfuglane til dei vert sjølvstendige.
Storspove tel blant dei tidlege trekkjarane. Hausttrekket byrjar alt i andre halvdel av juni, innleidd av vaksne hoer.
Foto: Sveinung Lindaas
Vassfuglar dannar ei gruppe med eit stort mangfald av ordningar for foreldreomsorg. I nokre artar tek begge foreldre like stor del i ruginga og oppfostringa, i ein god del tek faren seg av det meste, i andre mora. I denne samanhengen er storspoven eigentleg ikkje sær. Men spørsmålet om korleis desse ulike ordningane har oppstått gjennom evolusjonen, byr framleis på utfordringar. Frå andre halvdel av 1900-talet har det vorte vanleg å bruke økonomisk resonnement om kostnad og nytte for å forklare ulike omsorgsstrategiar.
Tanken er at det ein kan observere i nolevande bestandar, speglar prosessar som har ført fram til ein effektiv balanse mellom kostnad og nytte når det gjeld eiga overleving og omsorg for andre. Ifølgje denne logikken vil det statistisk sett vere betre om hoene av storspove dreg fyrst: Denne ordninga aukar sjansane for forplanting og overleving for alle involverte, som har ulike behov og evner – vaksne hoer, vaksne hannar og ungfuglar.
Men det er med vassfugløkonomi som med menneskeøkonomi. Det er ofte ikkje mogleg å måle kostnad og nytte for å teste hypotesar om optimal bruk av tid og ressursar. I tillegg har det i seinare tid vorte registrert større fleksibilitet enn venta i omsorgsframferd hjå ein del artar. Det økonomiske synspunktet har fostra spennande hypotesar og modellar, men kan sannsynlegvis ikkje gjere greie for heile historia.
I tilfellet storspove verkar det i alle høve som det har lite å seie om kullet etter kvart vert passa av éin eller to vaksne. Då kan den eine gje seg ut på det farefulle trekket i førevegen. Men nøyaktig kvifor mødrer plar gjere det, er ikkje så opplagt. Denne rollefordelinga mellom kjønna synest å vere gammal, evolusjonært sett, hjå vassfuglar.
Om våren kjem vaksne storspovar til Sør-Noreg i mars–april. Det tek ein stund før arten vert sett i dei nordlege delane av landet. Storspoven hekkar frå Sørlandet til Finnmark, mykje langs kysten, men også lenger inni landet, særleg i Trøndelag og på Austlandet. Det er her tale om ein liten del av hekkeområdet, som strekkjer seg frå Dei britiske øyane i nordvest, gjennom Skandinavia og Finland til Aust-Sibir i aust. Om sommaren og hausten trekkjer storspovane sørover, og held seg i ulike kystområde, i Nordaust-Europa, kring Middelhavet, langs kysten av Afrika, så meir spreitt frå Midtausten til Japan.
I tillegg til å hekke i våtmark og heiområde har storspoven pla like seg i jordbrukslandskapet. I seinare tiår har han lide under dei drastiske endringane som har prega arealbruken i store delar av verda. Arten er no vurdert som nær truga på verdsbasis, og statusen gjeld også i Noreg spesifikt, der bestanden har vorte halvert etter 2000. Blant dei fremste trugsmåla er fragmentering av hekke-, overvintrings- og rasteområde, attgroing av opne område, drenering og intensivering av landbruk.
I år har eg ikkje sett mange storspovar, men det er nok av di eg har halde meg på feil stad på feil tidspunkt. Eg vart leidd ein augneblink av eit par stykk som flaug over bilen medan eg køyrde innom Jæren i mai. På Austlandet, derimot, i nærleiken av Oslo, har eg ikkje møtt på nokon. Men det hender jamt og trutt at folk som har levd lenge på nokre av fugleplassane eg vitjar, peikar på eit jorde og seier: «Her hekka det storspove i gamle dagar…»
Stundom må eg tenkje på eit dikt av den irske poeten W.B. Yeats, der han bed storspoven slutte å rope fordi ropa hans minner han om ein tapt kjærleik – som om orda hans har vorte høyrde i vår tid prega av øydelegging.
Det vitskaplege namnet, Numenius arquata, viser to gonger til nebbfasongen. Numenius kjem frå gammalgresk noumenios, nymåne. Arquata er namnet storspoven fekk på middelalderlatin og tyder «bogeforma». Med sine 9 til 15 centimeter tek det nedoverbøygde nebbet ein god del av kroppslengda, som ligg mellom 50 og 60 centimeter. Hoene er i snitt større og tyngre enn hannane, men det er vanskeleg å skilje kjønna i felt.
Med det lange nebbet, som fungerer som ein pinsett, et storspoven både insekt, blautdyr og reker, som han kan finne nokre centimeter nede i bakken. Han kan òg ty til bær eller frø om det trengst. Om våren røper han nærværet sitt gjennom fluktspelet: Hannen flaksar oppover for å så la seg gli nedover, medan han med glatt, fortryllande røyst syng songen som har inspirert namnet til arten på engelsk («curlew») eller fransk («courlis»): kooo-i, kooo-i (ein brøkdel av eit stort repertoar).
Det kan ta nokre dagar før ei hoe erklærer seg villig til paring, men par kan verte danna med dei same makane år etter år. Så legg hoa tre til fem egg, gjerne på ein opphøgd del av terrenget der det enkle reiret ligg, og deler ruginga med faren. Etter om lag 28 dagar klekkar egga, om ikkje eit rovdyr har klart å ta dei. Ungane som kjem ut, kan som hjå alle vadefuglar alt gå og søkje mat etter eit par timar. Og då er det ikkje lenge til mora dreg til sitt…
Naïd Mubalegh
Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.