Reportasje

Nesten alt mogleg-seljaren

Den som jobbar på bensinstasjon, tek inn pengar på det meste – unntatt bensin.

Bolleposar, kaffimaskin, pizza og «hugs drikke til maten»: Eirik Trontveit er van med å sjonglere varegrupper på Circle K-stasjonen sin i Sogndal.
Bolleposar, kaffimaskin, pizza og «hugs drikke til maten»: Eirik Trontveit er van med å sjonglere varegrupper på Circle K-stasjonen sin i Sogndal.
Publisert Sist oppdatert

Dag og Tid er med folk på jobb. Denne veka: bensinstasjon

Bilvask. Batteri. Briller. Bollar, sjølvsagt, og burgar, barnemeny og bagett. Bind, bjørkeved, beef jerky, Bamsemums, barberskum, butangass og bensinkanne – og dette er berre nokre av varene som byrjar på b, og som du kan få tak i på ein bensinstasjon. Det som berre for nokre tiår sidan var ein stad der du fekk hjelp med køyretøyet ditt, er no vorte noko heilt anna – og ganske mykje meir.

Det er ikkje bensinstasjonen aleine om. Heile varehandelen, Noregs største private arbeidsgjevar, vert meir breispektra. Jernvarehandlar sel fint porselen, daglegvarebutikkar høgtalarar og vaffeljarn, elektrisitetsforretningar sjokolade og tyggis, og Biltema har gått frå å vere eit postordrefirma for bildelar i ein kjellar i Linköping til 140 varehus, kvar med over 19.000 varelinjer innan åtte varegrupper.

For bensinstasjonar som i takt med elektrifisering av bilparken er i ferd meg å kalle seg energistasjonar, har altså endringa gått frå bilkompetanse til gatekjøken, pizzabakeri, bollebakeri, kafé (med skikkeleg kaffi) og alt anna du kan finne på å trenge, om du er på vegen eller i ei eller anna slags naud utanom opningstida til andre butikkar. Korleis er det eigentleg å skulle ha kontrollen på alt dette?

Det gjeld iallfall ikkje å ligge å dra seg om morgonen. Klokka er halv fem då eg bankar på skyvedøra hjå Circle K i Sogndal, men franchisetakar og dagleg leiar Eirik Trontveit er alt i full sving der inne. Bolleomnen er i gang, kaffimaskina varmar seg opp og bagettar vert smurde og hyller fylte så godt som mogleg før han opnar dørene klokka seks.

Morgonen til Eirik Trontveit er opplyst av Click & Collect, førehandstinging av matvarer som gjer at ein slepp kø i kassen, pommes frites til 35 kroner, store ostepølser til 79 kroner, og, sjølvsagt, Circle Ks Superburger. Trontveit har nemleg ikkje slått på taklyset, men jobbar i lyset frå dei opplyste prispanela som heng på veggen bak arbeidsbenken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement