JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Den lange heimvegen

Sola skin. Klokka er to om natta, men på desse breiddegradane er det knapt merkbar skilnad på dag og natt. Me gnir søvnen ut av augo, pakkar saman teltet og heisar segl. Det har endeleg teke til å blåse, og me må nytte høvet for å kome oss opp på innlandsisen att.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
?Med store drakar susar me sørover på den uendelege innlandsisen.

Foto: Harald Dag Jølle

12074
20181102

Nord for den store bre

Historikar Harald Dag Jølle drog i vår saman med Vegard Ulvang og Ronny Finsås ut på ein 3000 kilometer lang skitur. Målet var å finne ut kvifor den norske polarfararen Eivind Astrup rauk uklar med amerikanaren Robert Peary i 1890-åra.

Del 4

Vinden tek tak. Me fer raskt oppoverbakke, medan dei tunge pulkane hoppar og sprett bak oss. Eg er stadig like fascinert av kor stor kraft det er i drakane – og kor effektivt me kan nytte ho for å reise gjennom polarverda.

Eg snur meg og ser på det eventyrlege utsynet mot Vildtland og det nordlegaste Grønland. Snart er det attende til den evige, livlause isen. Eg veit ikkje for kor lenge. Det kjem an på vinden. Men eg veit det er langt før me igjen skal sjå fjell og fjordar. Nesten 2000 kilometer. Som frå Oslo til Roma. Dette er galskap, tenkjer eg, men seier det ikkje høgt. Det hadde i alle høve ikkje hjelpt. Det finst ikkje andre vegar heim.

Den keisame returen?

Me fylgjer ikkje lenger spora til Robert Peary og Eivind Astrup. Dei gjekk attende til staden dei kom frå, overvintringsbasen som låg like ved dagens Qaanaaq.

På vegen nordover hadde Astrup og Peary reist inn i nytt og ukjent land. Samstundes som fjellandskapet i vest stadig endra seg. Det var spennande. No skulle dei gå i direkte line attende over innlandsisen og skjønte kva som venta: «en kold og livløs slette, hvor vi i ugevis maatte anstrenge os til det yderste for at komme velbeholdne over». Og korkje Astrup eller Peary legg skjul på at dette vart keisamt. Peary skriv at «ensformigheden ved uafladelig at vandre fremad mod intet, var ikke længer til at udholde». Det monotone landskapet fekk Astrup til å tenkje på allverdas tema: «Alle spørgsmaal, der havde været brændende inden menneskeheden før vor afreise fra civilisationen, blev omhyggelig veiede og om mulig straks afgjorte.» Medan han gjekk og gjekk og stira ut i isen, la han planar for framtida, men tenkte òg på kva han hadde opplevd til no i livet, på hendingar i heimen og åra på skulebenken. Men då dagen gjekk mot slutten, var dei fleste emna brukte opp: «Døde folk blev trukne op af sine grave, forat man med dem kunde fornye halvt forglemte bekjendtskaber, vakre melodier maltrakteredes, medens alle de unge damer, man maatte have følt sig tiltrukket af fra 7 aars alderen og opover, fik danse alfedanse foran en paa sneen.» Men til slutt sa hjernen hans stopp: «Den nægtede at præstere nye tanker, materialerne var opbrugte.»

Eg skjønar kva Astrup snakka om. Men dette er likevel noko anna. Det er ei anna kjensle å stå bak ein drake og sjå utover, enn å slite seg framover med nasen i skituppane og ein tung slede bak seg. Rett nok blir eg sliten, eg innrømmer det, og det er heller ingen løyndom at det er lite variasjon her oppe på innlandsisen. Likevel: Me susar av garde i så stor fart at sjølv dei flate, uendelege isviddene blir innhaldsrike. Det er rett nok ikkje dalar og fjell, men det går oppover og det går nedover. Nok variasjon til å bryte monotonien. Også finst alle formasjonane i snøen: Stundom er han slett og fin. Nesten blågrå. Stundom hard, kritkvit og bulkete. Det gir variasjon i utsynet – og rom for å skape eigne bilete i landskapet. I Antarktis nyttar dei omgrepet satsrugi for å skildre slike område med uendelege fokkskavlar. På russisk tyder ordet illustrerande nok treskjering. Flott å sjå på – sjølv om det er slitsamt for knea å køyre på ski over.

Døgnrytme

Livet til tre menn over grønlandsisen er temmeleg likt frå dag til dag. Vekkjarklokka går om morgonen, men ingen av oss har det travelt med å kome seg ut av posen – før Ronny omsider tek ansvar. Han er kokk av profesjon og har bede pent om å få styre matlaginga. Han har med seg ei diger aluminiumskasse som står midt i teltet. Her har han bygd eit minikjøkken med integrert primus, gryter, steikjepanne, skjerefjøler, målebeger, knivar, kaffikvern og flasker. Alt tilpassa og emballert for transport. Vegard og eg gjennomskodar raskt at han vil styre dette sjølv i frykt for at me skal kome til å lage for mykje rot og søl i kjøkkenet hans. Ingen av oss legg skjul på at me synest det er ei strålande ordning.

Til frukost får me handkverna, spesialbrend kaffi frå ulike verdshjørne. Havregrauten er kokt med mysli og mykje morsmjølkerstatning og blir servert med kanel, lønnesirup og eit stort smørauge. Og medan frukosten blir fordøydd, og Ronny spelar jazz på musikkanlegget, tek eg dagens snøprøve for Universitetet i København.

Når me omsider står med skia på beina og draken i lufta, er me meir effektive. To timar er regelen. To timar utan pause. Og det er ganske lenge, om nokon skulle lure. Då er me overlatne til oss sjølve og eigne tankar inne i hjelmen. Og det er, som Astrup erfarte, ufatteleg kor mykje rart ein kan kome innom her oppe på grønlandsisen – før tankane igjen sirklar attende til det prosaiske: Kor langt har me kome, og kor lenge er det til neste pause?

På to timar køyrer me ofte 50, 60, ja nokre gonger over 70 kilometer. Det kjennest i beina: «Desse langdistanselangrennslåra mine er ikkje bygde for slik alpinisme», høyrer eg stadig Vegard kommentere når me omsider tek ein pause. Og jamføringa med slalåmkøyring er relevant. Det ristar omtrent like mykje som i ein dårleg preparert skibakke. Og for å ta ei samanlikning: Sonjaløypa på Geilo er 1350 meter lang. På våre totimarsøkter køyrer me ofte ei strekning som svarar til 55 turar ned den bakken – utan at me får kvile i heisen.

Difor er pausane mellom seglingane kjærkomne. Då går skravla, og me fyller opp kroppen med allslags godsaker: feit ost, peanøtter, mjølkesjokolade, dansk salami, steikt bacon, rosiner, mandlar – eller kva anna me har putta i lunsjposen om morgonen. På termosen har me solbærtoddy eller blåbærsaft.

Etter fire segleøkter set me punktum. Og då er det same prosedyre kvar kveld: Opp med teltet, pumpe liggjeunderlaga og så setje seg godt til rette i teltstolen. Ronny fyrer opp i kjøkkenet. Eg startar på dagens bloggtekst. Og Vegard studerer kart og tel kilometer.

Til middag et me hovudsakleg frysetørka Real turmat, i alle variantar. Men Ronny har også lurt med nokre alternativ som han stadig diskar opp med. Til dømes enkle rettar som potetstappe med skinke og bacon. Men potetstappa frå Mills er ikkje den same etter at kokken har fylt ho med ein halv kilo parmesanost, smør, morsmjølkerstatning og rikeleg med krydder. Vegard og eg smiler også ganske breitt når han serverer eit stykke parmaskinke og eit lite glas japansk whisky til forrett. Det er som kjent, som Roald Amundsen sa, «underlig hvor lekkersulten man blir på en ishavstur».

Vêrfast

Nokre dagar er det rett og slett vindstille. Eller uvêr, som Ronny kallar det. Det er ingen vits i å trekkje pulkane sjølve. Dei kilometerane me ville klart å slite oss fram på éin dag, seglar me på ein time når vinden kjem attende. Og me har utstyr til å takle dei fleste vindforholda, tre skisegl og tre drakar kvar. Det minste stormseglet er 3 kvadratmeter. Den største draken er 15. På drakane har me montert 100 meter lange liner, fire gonger så lange som ein vanlegvis nyttar. Det er litt meir jobb å rigge opp og ned att. Men med draken så høgt i lufta klarer me å skape kraft til framdrift sjølv i svært svak vind. Når lufta står heilt stille, derimot, er det ikkje anna å gjere enn å bli liggjande i teltet. Og nokre gonger er det heilt greitt. Det gjer godt for kroppen å få kvile. Me treng òg å lade batteria med solcellepanelet til alt det tekniske utstyret vårt. Og så treng me stadig å få reparert noko av utstyret.

Me har to pulkar kvar, i glasfiber. Dei var søkklasta med utstyr, mat og brensel for 50 dagar då me starta. Dei får knallhard handsaming når dei time etter time, mil etter mil, dag etter dag smell over fokkskavlar i opp mot 40 kilometer i timen. Fleire gonger har me måtta slå opp reserveteltet og lage ein pulkverkstad for å tette hòl med glasfiber og epoksy.

Det er også svært viktig å pakke alt i pulkane på ein forsvarleg måte, elles vil det bli slått sundt. Nokre gonger har me slurva litt. Til dømes eksploderte ein matpose, slik at sukker og kakaopulver la seg i eit jamt, klissete lag utover alt som var i pulken.

Polar navigasjon

Det er utfordrande å navigere i dette uendelege landskapet. Det har det alltid vore. Kompasset har stor misvising så langt mot nord, sidan den geografiske og magnetiske polen ligg eit godt stykke frå kvarandre. Tidlegare nytta ein sekstant for å finne nøyaktig posisjon. Med dette instrumentet kan ein måle solvinkelen i høve til horisonten, og med utgangspunkt i nøyaktig klokkeslett kan ein rekne ut posisjonen sin. Slik kunne til dømes Peary og Astrup slå fast kvar dei var. Det er tidkrevjande å ta slike observasjonar og rekne ut posisjonen. Dessutan må det vere klarvêr, slik at ein kan sjå sola. Astrup og Peary hadde difor montert eit såkalla odometerhjul bak på sleden. På hjulet stod eit instrument som talde omdreiingar, så dei enkelt kunne rekne ut kor langt dei hadde kome. «Vi fandt dette apparat yderst hensigtsmæssigt og nyttigt», skreiv Astrup, «og da det ikke tidligere er benyttet paa arktiske expeditioner, kan jeg med tryghed anbefale det paa fremtidige slædereiser.»

I dag har me sjølvsagt GPS-ar i alle variantar. Det er likevel ikkje så enkelt å sjå kva dei viser medan me seglar av garde i stor fart. Korleis då halde kursen utan å stadig stoppe opp for å sjå på GPS-en? Ronny har eit godt hovud for geometri og nyttar ein teknikk som få andre meistrar i våre dagar. Han ser på klokka, veit kvar sola skal stå på vår lengdegrad, og reknar raskt om til vinkelen på den kursen me skal fylgje. På den måten seglar han i veg med rett vinkel i høve til sin eigen skugge. Etter ein halvtime ser han igjen på klokka, sidan sola har dreia såpass at han må rekne ut ein ny vinkel. Slik kan me to andre fylgje han i time etter time. Og me blir stadig like overraska – og imponerte – av at han alltid held bein kurs.

Men me har også med vårt eige «odo­meter­hjul». I kvar matpause, etter to timars segling, dreg Vegard raskt opp GPS-en frå lomma: «Gutar, sidan siste pause har me segla nøyaktig 72,3 kilometer. Det er ikkje dårleg!»

Skal kome trygt heim

Dagsetappane aukar og aukar. 10 mil, 15 mil, me nærmar oss 20 mil. Ein dag bikkar me 30 mil på 12 timars segling. Det er like langt som luftlina mellom Oslo og Bergen.

Me har hatt snøfall, og skiføret har vorte mykje betre. Eg står og ser på draken som eg sveivar i sirklar 100 meter over hovudet. Eg plystrar og tenkjer på kor bra alt har gått til no. Og at det går fortare enn venta.

Me har vore tre veker på tur. Me har passert 76 grader nordleg breidd på vår veg sørover, og snart kjem me til ein forskingsstasjon som ligg einsam her inne på isen. Dit har me vorte inviterte for å bu eit par dagar. Det er nesten så eg føler at me er heime. Men det er ein skummel tanke, det er for tidleg å slappe av – for me har framleis over 1100 kilometer att. Eller som avstanden mellom Tromsø og Oslo.

Eg er i alle fall sikrare og sikrare på at me skal kome trygt heim. Den spenninga og uvissa eg kjende på før turen – og dei fyrste dagane på isen – er for lengst over. Eg kjem til å tenkje på kva Peter Freuchen skreiv om nettopp denne kjensla: «Efter de første uhyggelige oplevelsene mine på innlandsisen, har jeg alltid hatt den forutfølelsen, at jeg skal ende mine dager i en kløft i den evige is.» Han hadde framleis den kjensla, skreiv han i 1936, og var overtydd om at han ein dag ville forsvinne her oppe. «Men hver gang jeg har besteget innlandsisen – og det er mange ganger – har jeg tenkt, at det behøver ikke å bli denne gangen.»

Harald Dag Jølle

Harald Dag Jølle er historikar ved Norsk Polarinstitutt og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er for tidleg å slappe av – for me har framleis over 1100 kilometer att. Eller som avstanden
mellom Tromsø og Oslo.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis