Teknologi

Noreg er ein industrinasjon

Det er eit munnhell av ukjent opphav blant ingeniørar: Det som ikkje er testa, verkar ikkje.

Produksjonshallen til Hapro Electronics, der komponentar vert overflatemonterte på krinskort.
Produksjonshallen til Hapro Electronics, der komponentar vert overflatemonterte på krinskort.
Publisert

Eg er industriturist. Eg dreg dit ingen andre finn noko interessant. Vel, kanskje bortsett frå næringsminister Jan Christian Vestre, som var her for eit år sidan for å sjå korleis Hapro spara straum med energibrunnar.

Det flotte med slike reisemål er at ein får ein eigen entusiastisk omvisar som kan alt. Det er berre å la spørsmåla fløyma. Alt er interessant berre ein er forviten og ynskjer å læra.

Eg er no hjå Hapro Electronics på Jaren. Sals- og marknadsdirektør Jens A. Martinsen står framføre meg med ein spole som inneheld ein tape fylt med komponentar. Den spolen har han nett henta ut av paternosteret, som er eit høgt lager der ein kan heisa fram dei komponentane ein ynskjer. Paternosteret har regulert klima. Eg les av: 22 celsiusgradar og 4 prosent luftfukt. Optimalt for komponentar.

Jens peiker på bokstavane MSL (moisture sensitivity level) etterfylgde av eit tal som fortel kor følsam komponenten er for fukt. Alle komponentar syg til seg fukt, og det kan verta eit problem når komponenten skal loddast på krinskortet. Då fordampar vatnet på komponenten som små eksplosjonar og kan øydeleggja loddingane.

Slike feil kan vera vanskelege å oppdaga. Ein må altså ha kontroll på kor lenge ein komponent har vore ute av lageret, og dersom det tek lang tid før dei vert brukte, må dei bakast for å fjerna fukt.

Så gjer Jens meg merksam på ein strekkode på spolen. Den identifiserer spolen. Alt i denne fabrikken er utstyrt med strek- og QR-kodar. Det meste handlar om logistikk og kontroll på prosessane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement