Norrønamannen
Han er islending, men har vore busett i Bergen i fleire år. I fjor flytta Bergsveinn Birgisson tilbake til Reykjavík, og no omtalar han seg som «ein landlaus jævel».
Bergsveinn Birgisson har suksess med historiske romanar – frå både vikingtida, 1700-talet og vår nære fortid.
Foto: Harald Hognerud
Sist veke kom Bergsveinns roman Reisen til livsvannet på norsk. Han fekk seks på terningen i Dagbladet og mykje ros her i avisa. Samstundes vart boka nominert til Nordisk råds litteraturpris.
Utgangspunktet for boka er det kraftige vulkanutbrotet sør for Vatnajökull i pinsa 1783. Det varte i nærare eitt år og førte til den største naturkatastrofen i Islands historie. Husdyra døydde, fisket svikta og ein femdel av befolkninga mista livet. Oska frå vulkanen spreidde seg til mange land, og det har vorte hevda at vulkanutbrotet medverka til den franske revolusjonen i 1789.
I romanen vurderer styresmaktene i København om dei skal flytta dei arbeidsføre innbyggjarane til Danmark eller Noreg, men før vedtak vert gjort, vert ein dansk ekspedisjon sendt til Island for å vurdera stoda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.