Norske matskattar nr. 69: kalv frå Folkedal
I Folkedal, ikkje langt frå Granvin, inst i dalen ligg Larsastovo og garden til Astrid og Lars Ingvald Folkedal. Dei driv med konvensjonell mjølkeproduksjon og økologisk produksjon av kalv. Kalv som både har svært god plass i det store fjøset Lars Ingvald har bygd, og som fartar fritt i fjellheimen heilt til snøen kjem.
Den smakfulle kalven har vorte ein attraksjon i hardangertraktene. Han vert mellom anna frakta med elektrisk bil til Kvanndal ferjekai, ført over fjorden med elferje og rulla med trillebår inn på kjøkenet til Jon Aga på Utne Hotell. Meir miljøvenleg kjøt skal ein nok leita ei stund etter, sidan dei attpåtil har eige gardsslakteri.
Mange tek òg turen inn i dalen for å handla hjå bonden direkte. Det kan Innsida trygt gå god for. Utvalet er variert frå hamburgar av kalv til ekstra gode stykkingsdelar som culotte og nyretipp.
Er du på jakt etter ein skikkeleg bygning, er Lars Ingvald ein mann du bør snakka med. Han set opp små og store fjøs, bygd etter gamle grindbryggtradisjonar. Bygningane er solide og gir god lufting, enten det er til storfe eller som garasje.
Det er med andre ord mykje å oppleva inst i Folkedal.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
I Folkedal, ikkje langt frå Granvin, inst i dalen ligg Larsastovo og garden til Astrid og Lars Ingvald Folkedal. Dei driv med konvensjonell mjølkeproduksjon og økologisk produksjon av kalv. Kalv som både har svært god plass i det store fjøset Lars Ingvald har bygd, og som fartar fritt i fjellheimen heilt til snøen kjem.
Den smakfulle kalven har vorte ein attraksjon i hardangertraktene. Han vert mellom anna frakta med elektrisk bil til Kvanndal ferjekai, ført over fjorden med elferje og rulla med trillebår inn på kjøkenet til Jon Aga på Utne Hotell. Meir miljøvenleg kjøt skal ein nok leita ei stund etter, sidan dei attpåtil har eige gardsslakteri.
Mange tek òg turen inn i dalen for å handla hjå bonden direkte. Det kan Innsida trygt gå god for. Utvalet er variert frå hamburgar av kalv til ekstra gode stykkingsdelar som culotte og nyretipp.
Er du på jakt etter ein skikkeleg bygning, er Lars Ingvald ein mann du bør snakka med. Han set opp små og store fjøs, bygd etter gamle grindbryggtradisjonar. Bygningane er solide og gir god lufting, enten det er til storfe eller som garasje.
Det er med andre ord mykje å oppleva inst i Folkedal.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.