Essay

Obrestad fyr

Obrestad fyr blei bygd i 1873, automatisert i 1982, og frå 1991 var det utan mannskap.
Obrestad fyr blei bygd i 1873, automatisert i 1982, og frå 1991 var det utan mannskap.
Publisert

Eg og ein god venn valde å leige Rundehuset på Obrestad fyr, det var om hausten, berre for å granske havet og granske Jærens topografi ved å stå med ryggen til sjøen og få medvindssveis, akkurat som dei gamle romarane hadde då dei var i medvindsbrisen og kunne vasse i rikdom, som Cæsar, inntil medvindsbrisen blei til fleire rasande dolkestøytar.

Det blæs heile tida på Obrestad fyr, og det okkar i sjølve fyret, berre det å stå inntil fyret, liksom i le for den alltid rastlause vinden, det er som om havvinden blæs tvers igjennom, og det å tru at noko kan stoppe vinden, då må ein tru ein gong til. Han er ikkje til å stoppe, berre å kaste eit blikk på sjøen, i den daglege vindtralten, så går det ei skute på sjøen, og vatnet krusar seg rundt baugen og vil opp i skuta, det blir lokka til å komme inn i skipet, det elskar å vere lokka og å komme seg opp i skuta, og vel inne er det frykteleg og totalt øydeleggjande.

Men inne er det lunt og fint i Runde-huset; to digre stover, fint kjøkken og tre soverom i andre etasje, dusj i kjellaren og mykje kunst på veggene, men til og med her er det vinden som nappar i vindaugskarmane, han vil inn, som om han berre ventar, og det er det han gjer, han ventar på å komme inn, og då veit vi kva som kjem til å skje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement