Reportasje
Om å snuble inn i ein framand kultur
Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.
Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.
Lenge lurte vi på korleis vi skulle nærme oss det nye landet. Så trefte ein av oss ein gammal kollega på Henie Onstad Kunstsenter, som kjente éin, som kjente ein kamerunsk musikar, som budde i Oslo. Han, Vakote, vart vår nøkkel til landet, eit fascinerande møte med Kamerun.
Vi landa i hovudstaden Yaoundé ein tidleg ettermiddag. Turen inn til byen skulle vise seg å gå føre seg i den best utstyrte bilen vi opplevde på denne reisa. Det var ein grå japanar med perfekt fungerande klimaanlegg. Hovudstaden har ikkje noko av det vi vanlegvis kallar kollektivtrafikk, derimot ei ufatteleg mengd meir eller mindre køyrande gule taxiar, som vi skulle bli godt kjende med.
Ein gul armada
Dette er ikkje taxiar i ordets eigentlege forstand, men kollektivtaxiar, som køyrer noko som liknar bussruter. Det er ikkje lett å forstå systemet i byrjinga. Først og fremst må du klare å plassere deg på ei rute som køyrer i di retning. Taxiane køyrer sakte forbi der du står, og du antydar kvar du skal, og prisen du er viljug til å betale. Taxisjåføren er konge.
Det er ein underleg ballett. Vi opplevde det både frå sitjeplassane våre i bilen og utanfrå. Vi skjønte aldri om det var reisemålet vårt eller summen vi tilbaud, som var feil, når bilen berre køyrde vidare. Denne såkalla normaltaxien, som ikkje er det minste normal, tok dessutan opp folk til brestepunktet.
Folk helste meir eller mindre hjarteleg på kvarandre der vi som regel var pressa saman, seks personar med sjåføren. Ja, vi opplevde faktisk fleire gonger å vere sju. Adresser finst ikkje, eller dei har svært lite å seie. Du skal til den tredje store rundkøyringa eller til den store Santa Lucia-supermarknaden. Det fungerte fint.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.