Om køller, kjelder og innvandring
Kjeldekritikk er vanskeleg både for NRK og for statsministeren. Kor kom eigentleg forretningsmannen Karstein Solheim frå?
Karsten Solheim fotografert i 1968 med ei Ping-kølle.
Foto: NTB scanpix
I januar vitja Erna Solberg Donald Trump. Gåva ho hadde med seg, er omtalt fleire stader, mellom anna av NRK (10. januar 2018). Den amerikanske presidenten er som kjent glad i å spela golf, og ei golfkølle med namnet «Bergen» vart ei sjølvsagd gåve frå den norske statsministeren.
Puttaren «Bergen» er laga av produsenten Ping. Ifølgje statsministeren, og dermed også NRK og andre medium, vart selskapet «grunnlagt av Karsten Solheim frå Austrheim utanfor Bergen. Han emigrerte til Seattle i USA som ung mann og utvikla golfkøller heime i garasjen på 1950-talet». Dette vert mellom anna teke oppatt av lokalavisene Strilen (12. januar 2018) og Nordhordland (13. januar 2018), som begge publiserte saker om denne sambygdingen som lukkast med den amerikanske draumen, og gjekk frå små kår i Austrheim til umåteleg rikdom over there. Slik suksess gjer heimbygdene stolte, og det gjev eit slags kommunalt eigarskap til utflyttaren. Dermed var også Karsten Solheim hovudperson i programmet Norsk attraksjon (sesong 3, episode 8), der det vert sagt at han «vart fødd i den vesle kystkommunen Austrheim i Hordaland». Programleiar Linda Eide tek turen til det dåverande ordførar i Austrheim, Ole Lysø, kallar barndomsheimen til Karsten Solheim, eit kvitt lite vestlandshus.
Emigrerte som barn
Men stemmer dette? Kva er det eigentleg som skjer når informasjon vert fremja av statsministeren og i media, altså av det me reknar som svært truverdige kjelder? Det er på tide å ta turen til kjeldene, og korleis desse er nytta. Statsministeren har nok stolt på at nokon har gjort grunnarbeidet for henne, men det er mogleg at ho leier både Trump og oss andre på ville vegar. Spørsmålet er enkelt: Kan ein på noko vis hevda at Karsten Solheim kom frå Austrheim?
Det vert altså sagt at Karsten Solheim emigrerte til Seattle i USA som ung mann. Karsten Solheim var svært ung, men slett ingen mann då han emigrerte. Vender ein seg til emigrant- og immigrantprotokollar, finn ein at far hans, Hellemann Andreas Martinusen Solheim, emigrerte til California i april 1912. Kone og barn vart verande att i Noreg. Då var Karsten Solheim sju månader. I oktober året etter kom desse to, Ragna Oladotter Koppen og Karsten Solheim, reisande til Seattle. Då hadde oppfinnaren nettopp fylt to år. NRK er oftast ei truverdig kjelde, men her er altså første faktafeil: Karsten Solheim emigrerte som barn, ikkje som ung mann.
Fødd i Bergen
NRK, lokalavisene og Solberg hevdar dessutan at Karsten Solheim kom frå Austrheim. Ordføraren viser jamvel fram barndomsheimen hans. Når nokon har budd ein stad i så kort tid, kan det kan sjølvsagt drøftast om dei kjem derifrå, men det lar me liggja. Men kva band har eigentleg Solheim til Austrheim? Far hans var derifrå, medan mor hans kom frå Fedje. I kyrkjeboka for Lindås prestegjeld finst det to oppføringar om det unge paret. Dei både gifta seg og vart foreldre til Karsten i 1911. Men under begge desse oppføringane står det merknader. Informasjonen er kopiar frå protokollar i Bergen der giftarmålet skjedde i Sandviken kyrkje. Guten, Karsten Solheim, vart fødd på Bergens fødselsstiftelse. Det ser altså ut som om paret har hatt tilhald i Bergen denne tida. Det har sannsynlegvis stått dårleg til med den vesle nyfødde guten. Han vart døypt ein onsdag, 20. september 1911, og med to tilsette på Bergen fødselsstiftelse, Oliva Opdal og Magna Bjørn, som fadrar. Valet av fadrar og dåp på ein onsdag heller enn ein søndag, tyder på at det vore ein nauddåp. Solheim var altså ikkje fødd i Austrheim, slik det vert sagt i Norsk attraksjon. Det var andre faktafeil.
Skomakar på Fedje
Men så var det dette vesle, kvite vestlandshuset, den sokalla barndomsheimen til Solheim på Hjertås i Austrheim kommune. Tomrommet som må fyllast ut, er tida frå guten reiser frå Bergen fødselsstiftelse seinhaustes 1911 og til Ragna tek med seg guten og emigrerer i oktober 1913. Har Karsten Solheim budd i dette huset på Austrheim dei to åra han budde i Noreg? Far Hellemann kan sjølvsagt ha teke med seg familien heim til eigen barndomsheim og budd der fram til han emigrerte i april 1912. Deretter kan Ragna og Karsten ha blitt buande der. Men det er også mogleg å sjå for seg at den vesle familien har budd i Bergen delar av tida, eller at dei har reist til hennar familie på Fedje. Det må peikast på at Fedje var del av Austrheim kommune fram til 1947.
Går ein til kjeldene, er det ikkje registrert at familien bur på Hjertås. Men Hellemann oppgjev at han er skomakar når han emigrerer. Ifølgje munnlege kjelder hadde han verkstad i kjellaren til svigerfar sin på Fedje før dette. Når Ragna følgjer etter halvtanna år seinare, står det i emigrantprotokollen at ho reiser frå Fedje. Det er dermed sannsynleg at den vesle familien budde der i tida 1911–1913. Det er derimot usannsynleg at Karsten Solheim har budd i noverande Austrheim kommune. Det vesle kvite huset var slett ikkje barndomsheimen hans, og det er uvisst om han nokon gong var der som barn. Og der var tredje faktafeil.
Kjeldekritikk
Kjeldene fortel altså at Karsten Solheim var fødd i Bergen, budde to år på Fedje og emigrerte med mor si til USA. Farsslekta hans kom frå Austrheim.
I emigrantprotokollen har Hellemann oppgjeve «bedre fortj.» som grunnen til flyttinga. Han reiser til USA for å skapa eit betre liv for familien sin. Han klarte det ikkje sjølv, men gav sonen høve til å gjera det. I vaksen alder levde Karsten Solheim den amerikanske draumen, nettopp fordi far hans var ein arbeidsimmigrant på jakt etter auka inntekter. Då lyder det eit ekstra «ping» frå golfkølla som vart gjeven i gåve til Trump. Som kjent er både den norske gjevaren og den amerikanske mottakaren heller skeptiske til økonomisk arbeidsinnvandring, og gjer det dei kan for å stengja grensene.
Kjeldekritikk er vanskeleg. Nokre kjelder, mellom anna statsministeren og NRK, reknar ein med at ein kan stola på. Denne saka viser kor viktig det er å gå til dei faktiske kjeldene, og kor fort ein påstand vert til fakta.
Ingvil Brügger Budal er
førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen Bergen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Statsministeren har nok stolt på at nokon har gjort grunnarbeidet for henne, men det er mogleg at ho leier både Trump og oss andre på ville vegar.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.