Om køller, kjelder og innvandring

Kjeldekritikk er vanskeleg både for NRK og for statsministeren. Kor kom eigentleg forretningsmannen Karstein Solheim frå?

Karsten Solheim fotografert i 1968 med ei Ping-kølle.
Karsten Solheim fotografert i 1968 med ei Ping-kølle.
Publisert

I januar vitja Erna Solberg Donald Trump. Gåva ho hadde med seg, er omtalt fleire stader, mellom anna av NRK (10. januar 2018). Den amerikanske presidenten er som kjent glad i å spela golf, og ei golfkølle med namnet «Bergen» vart ei sjølvsagd gåve frå den norske statsministeren.

Puttaren «Bergen» er laga av produsenten Ping. Ifølgje statsministeren, og dermed også NRK og andre medium, vart selskapet «grunnlagt av Karsten Solheim frå Austrheim utanfor Bergen. Han emigrerte til Seattle i USA som ung mann og utvikla golfkøller heime i garasjen på 1950-talet». Dette vert mellom anna teke oppatt av lokalavisene Strilen (12. januar 2018) og Nordhordland (13. januar 2018), som begge publiserte saker om denne sambygdingen som lukkast med den amerikanske draumen, og gjekk frå små kår i Austrheim til umåteleg rikdom over there. Slik suksess gjer heimbygdene stolte, og det gjev eit slags kommunalt eigarskap til utflyttaren. Dermed var også Karsten Solheim hovudperson i programmet Norsk attraksjon (sesong 3, episode 8), der det vert sagt at han «vart fødd i den vesle kystkommunen Austrheim i Hordaland». Programleiar Linda Eide tek turen til det dåverande ordførar i Austrheim, Ole Lysø, kallar barndomsheimen til Karsten Solheim, eit kvitt lite vestlandshus.

Emigrerte som barn

Men stemmer dette? Kva er det eigentleg som skjer når informasjon vert fremja av statsministeren og i media, altså av det me reknar som svært truverdige kjelder? Det er på tide å ta turen til kjeldene, og korleis desse er nytta. Statsministeren har nok stolt på at nokon har gjort grunnarbeidet for henne, men det er mogleg at ho leier både Trump og oss andre på ville vegar. Spørsmålet er enkelt: Kan ein på noko vis hevda at Karsten Solheim kom frå Austrheim?

Det vert altså sagt at Karsten Solheim emigrerte til Seattle i USA som ung mann. Karsten Solheim var svært ung, men slett ingen mann då han emigrerte. Vender ein seg til emigrant- og immigrantprotokollar, finn ein at far hans, Hellemann Andreas Martinusen Solheim, emigrerte til California i april 1912. Kone og barn vart verande att i Noreg. Då var Karsten Solheim sju månader. I oktober året etter kom desse to, Ragna Oladotter Koppen og Karsten Solheim, reisande til Seattle. Då hadde oppfinnaren nettopp fylt to år. NRK er oftast ei truverdig kjelde, men her er altså første faktafeil: Karsten Solheim emigrerte som barn, ikkje som ung mann.

Fødd i Bergen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement