Eg har vore på filosofifestival i Kragerø, og den byrja for min del, og for to andre filosofar, torsdag kveld, og temaet for festivalen denne gongen var «lukke», og vi tre skulle samtala på ein kafé, om kva vi tenkte om lukke, og det heile vart litt rølpete, og det var mi skuld, ettersom Anita Leirfall og Ingmar Meland var saklege, i det minste den kvinnelege kantianaren, før ho vart helt svimeslegen av det uregjerlege hovudet mitt. Den andre filosofen byrja med ei historie om mor si og hadde alt teke av, så eg tok berre litt meir av, men det vart morosamt, og publikum skreik av latter, og eg kosa meg, men eg hadde vondt av kantianaren, for eg såg at ho ikkje hadde det bra.
Så eg og Ingmar Meland tulla mykje, og han fortalde ein vits om lukka, som eg syntest var skral, så eg kom med ein annan og betre vits, han var òg på eit vis om lukka, eller mislukka: Det var ein gut som ville tatovere ryggen med bandet han elska, og på ryggen skulle det stå Turboneger, men tatovøren var ein gammal dauv hippie som hadde vore på for mange Rolling Stones-konsertar og røykt for mykje rev, så då han var ferdig og guten fekk sjå eit spegelbilete av ryggen, stod det ikkje Turboneger, men Thorbjørn Egner; publikum skreik av latter, og etter dette vart det meir snakk og etter kvart ex auditorium.
Så var det ein gubbe som tok ordet, og det var syskenbarnet mitt, som eg ikkje hadde sett på mange, mange år, og han syntest eg var litt røff i kjeften, og så vart eg spurd om kvifor eg ikkje ville lesa frå essaysamlinga mi Der hvor vi er lykkelige frå 2000. Men eg hadde ikkje lyst, og eg hugsa ikkje om vi tre, som hadde hatt eit møte lenge før vi skulle i elden, hadde vorte samde om at eg skulle lesa, og så fekk kantianaren eit spørsmål om ho hadde mista styringa på grunn av meg og den andre filosofen, eg trur ho tok det pent, som eg hugsar det, etter det mista eg oversynet, og det heile vart rørete, lukkeleg rørete.
I dei små timane etterpå gjekk somme av oss på ein bar og snakka om filosofikafeen, og eg fekk både skryt og kritikk, og det var nokon som sa mykje pent om kantianaren og at det var ho som heldt det saklege nivået oppe, som eg drog ned, sa eg, og då var det ingen som protesterte.
Før samtalen vår i kafeen var det Kristin Bolstad som heldt eit vakkert og flott musikalsk føredrag, mellom anna med ei filmframsyning av ein av strykekvartettane hennar, komponert til ein kanadisk strykekvartett som er kjend for å spela svært stilt. Bolstad hadde laga ein av dei mest bråkete strykekvartettane eg har høyrt; musikarane gnissa hardhendt på instrumenta, trampa med føtene og skreik for full hals, og på slutten tok dei to fiolinistane til å fekte med bogane.
Dagen etter var det fleire ulike program; det første var for tidleg for meg, då gjekk det ei ferje til Saltneven for å høyra på eit føredrag av Thomas Hylland Eriksen: «Det gode liv i klimaendringenes tid». Eg vart sitjande på hotellrommet og lese tredje band av Den guddommelige komedie, før eg gjekk opp ei forferdeleg trapp; ho var lang og hard, til eit gamalt bedehus; det var for å høyra «Om det gode liv», det skulle vera ein samtale mellom ein filosof og ein psykolog, men filosofen hadde gløymt av dagen, så psykologen vart sitjande åleine og fortelja i éin time om å vera psykolog på ein institusjon i Kristiansand, og han dreiv med gruppeterapi, og han var svært underhaldande, og folk frå Kragerø var flinke til å møta opp, og dei var flinke til å ta ordet under ex auditorium og stilte gode og lærde spørsmål.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.