På jakt etter ?gamle forteljingar
Fjordisen ligg tjukk innover Bowdoinsfjorden. Ti polarhundar spring tappert og taktfast framfor sleden min. Me er på veg inn til staden Eivind Astrup hadde den trøblete overvintringa frå 1893–94, då han for andre gong var med Peary på ekspedisjon til Grønland.
På veg inn i Bowdoinsfjorden – for å finne Robert Pearys gamle overvintringsstasjon Anniversary Lodge.
Foto: Stein P. Aasheim
Nord for den store bre
Historikaren Harald Dag Jølle drog i vår ut på ein 3000 kilometer lang skitur saman med Vegard Ulvang og Ronny Finsås. Målet var å finne ut kvifor den norske polarfararen Eivind Astrup rauk uklar med amerikanaren Robert Peary i 1890-åra.
Del 2

Det er siste halvdel av mai, men det er lenge til våren kjem til desse breiddegradene. Me starta ekspedisjonen med ei veke i Qaanaaq, på det nordlegaste hjørnet av Vest-Grønland. Ingen andre stader i verda har mennesket klort seg fast på høgare breiddegrader enn her, kor dei såkalla «polareskimoane» bur. Og det var desse folka Eivind Astrup skreiv om med kjærleik i boka Blant nordpolens naboer frå 1895.
Han hadde reist inn og ut i desse store fjordane saman med inuittane. Han observerte korleis dei levde og overlevde. Han skreiv om skikkane deira, om trua og myteforteljingane. Han laga til og med ei ordliste frå språket deira. Før Astrup publiserte boka, hadde omverda liten kunnskap om dette folket og kulturen deira. Skotske kvalfangarar hadde rett nok hatt ein del kontakt og drive varebytte med dei innfødde, men kulturformidling var dei ikkje særleg opptekne av.
Ytste nord
Frå starten av 1900-talet var det danskane som overtok utforskinga av Nord-Grønland. I 1903 reiste følgjet med det legendariske namnet Den danske litterære Grønlands-Ekspedition nordover Melvillebukta, under leiing av Ludvig Mylius-Erichsen. Nokre år seinare grunnla Knud Rasmussen og Peter Freuchen ein handelsstasjon på staden dei kort og godt kalla Thule, etter det latinske omgrepet for nord, henta frå sjøfararen Pytheas’ kjende forteljing om reisa nordover i Europa rundt 325 før Kristus.
Rasmussen meinte at danskane hadde plikt til å syte for ein rettskaffen handel med dei innfødde, slik at dei fekk tilgang til varene dei «allerede var bleven afhengige af gennem tuskhandel med skotske hvalfangere og amerikanske ekspeditioner». Samstundes ville han sikre dansk herredøme over denne busette, men ikkje koloniserte, delen av Grønland, før andre land kom dei i forkjøpet. Det gjekk mellom anna rykte om at nordmannen Otto Sverdrup ønskte å byggje ein handelsstasjon i desse nordlege stroka.
Stasjonen til Rasmussen vart òg utrustingshamn for dei sju namngjetne Thule-ekspedisjonane som gikk føre seg i perioden frå 1912–33. Fyrst i 1937 vart den private stasjonen – og følgjeleg administrasjonen av det nordlegaste Grønland – overtatt av den danske staten.
Etter andre verdskrigen er det nok etableringa av den amerikanske militære flyplassen som har gjort Thule-namnet mest kjent ute i den store verda. Men bygginga av denne basen vart ikkje til særleg gagn for dei som budde her. Utan at dei hadde fått noko varsel, vart det kunngjort på eit folkemøte 25. mai 1953 at alle innbyggjarane skulle bli tvangsflytta – i løpet av fire dagar. Dermed vart Qaanaaq grunnlagd. Her vart det lenger til dei gode fangstfelta, men slike omsyn hadde lita vekt i ein kaldkrigslogikk kor amerikanarane trong ein høveleg bombeflybase på vegen mellom Washington og Moskva.
I dag bur 628 menneske i «Nye-Thule», som staden ofte har vore kalla. Qaanaaq er på mange vis lik kva som helst annan småstad. Her er skule, gamleheim, sjukestove, butikk, rådhus og politistasjon. Rett nok er det mange fleire polarhundar enn du ser i byar lenger sør i verda. Og det er heller ikkje vanleg andre stader at ferskvatnet du får frå krana, har kome frå isfjell ute på fjorden, henta inn til vassverket av ein hjullastar.
Lokal forteljartradisjon
Me er på jakt etter større kunnskap om Eivind Astrup, og me har eit ørlite håp om at det i Qaanaaq kan finnast munnleg forteljartradisjon frå den gongen han var her saman med Peary.
Me møter eit av barnebarna til Peary. Eit anna, som var den eldste innbyggjaren i byen, døyr nokre dagar etter at me kjem – som eit tydeleg teikn på at me er ute nokre år for seint. «Dagens unge er ikkje interesserte i slike forteljingar», klagar ei eldre kvinne. Ho meiner at grønlendarar ikkje preikar med kvarandre no om dagen, men berre stirar inn i telefonane sine. Likevel møter me fleire som kan seie noko om kva dei gamle hadde fortalt om den amerikanske ekspedisjonsleiaren, som fekk minst to ungar på Grønland. Og det er ikkje akkurat helteforteljingar dei kjem med. Til dømes er det ingen som trur Peary eigentleg kom heilt fram til Nordpolen. Det røpte dei inuittiske hjelparane hans, ifølgje forteljingane.
Astrup, derimot, er det knapt nokon som har høyrt om, sjølv om det står ein stor stein som heidrar nordmannen, sentralt plassert utanfor museet.
Anniversary Lodge
Det er eit storslått landskap. Gule klipper stuper rett i fjorden. Brearmar trugar seg ned mellom toppane. Det er kaldt, men sola varmar. Det blenkar i den kvite snøen. Tre erfarne fangstmenn har tatt oss med på turen. Dei svingar pisken og gir klare meldingar til dei firebeinte slitarane. Eg tenkjer på Knud Rasmussens ugløymande ord: «Giv mig vinter, giv mig hunde – så kan i beholde resten.»
Det er ingenting igjen av Pearys gamle ekspedisjonshytte. Materialane har for lengst vorte henta av grønlendarane og nytta til andre føremål. Men me har med gamle foto og kan greitt krysspeile oss fram til kor hytta ein gong stod.
Det er stort å vere på åstaden. Ikkje fordi han kan seie noko konkret om kva som skjedde her, men det er særeige å kjenne omgjevnadene – fjella, bukta, fjøra og brefalla. Det skaper nye og andre bilete når eg les historia, når eg ser for meg slitet, kulda og den dårlege stemninga som var her gjennom vinteren.
Den sjølvopptekne Peary gav overvintringsstaden namnet Anniversary Lodge, sidan han kom hit på sin eigen bryllaupsdag. Den var ei store hytte, og veldig todelt. I den varme og behagelege enden budde ekspedisjonsleiaren saman med kona si. Ho var gravid og hadde med seg ei jordmor på ekspedisjonen. I den andre enden av lodgen budde resten av ekspedisjonen – og murra over tilhøva.
For mannskapet var tvillaust lite nøgd med både ekspedisjonsleiaren og frua hans. Utover vinteren snakka dei to leirane knapt med kvarandre. Alle, med unntak av Peary, den svarte tenaren hans og ein av ekspedisjonsdeltakarane, reiste heim etter eit år, sjølv om den opphavlege planen var å vere to år på Grønland. Og då dei kom attende til USA, heldt dei ikkje kjeft om kva dei syntest om ekspedisjonsleiaren. Også Astrup talte offentleg om «Peary’s Humbug-Ekspedition» som «en høist skidden afære».
Brevvekslinga mellom dei heimvende ekspedisjonsdeltakarane viser at dei frykta at Peary ville skulde dei for noko når han ein gong kom attende frå Grønland. Me veit ikkje heilt kva dei frykta. Og kvifor. Heller ikkje kven som var mest nervøs. Og Astrups brev i korrespondansen har me enno ikkje funne.
Tåka kjem sigande. Me er på veg ut av Bowdoinsfjorden. Det blir merkbart kjøligare å sitje på sleden. Eg tenkjer på boka Astrup skreiv frå dei to ekspedisjonane, ei av dei store i norsk polarlitteratur, kor han fortel målande om desse omgjevnadene og folket som budde her. Men boka var ikkje klarert med ekspedisjonsleiaren og må ha vore eit kontraktbrot. Kva meinte Peary om denne utgjevinga? Og kva meinte han eigentleg om at Astrup var den som fekk æra for den viktigaste oppdaginga på ekspedisjonen, nemleg kartlegginga av Melvillebukta?
Tankane blir mange på sleden. På same stad, med same retning som Astrup drog for 124 år sidan. Kva med det Peter Freuchen har skrive fleire stader, at Astrup eigentleg var på flukt bort frå Peary då han utforska Melvillebukta?
Astrups følgjesvein
Ludvig Mylius-Erichsen møtte òg Astrups reisekamerat Kolotengva då han var her på ein litterær ekspedisjon i 1903. I dagboka skriv han kva den store fangaren fortalde om Astrup: «Jeg syntes godt om ham, han var altid saa glad og munter og saa venlig, og saa talte han rigtig godt vort Sprog.» Kolotengva fortel i positive ordelag om turen deira. Astrup lærte han mellom anna klokka. Men viktigast: Astrup hadde sagt han ville kome attende for å bu på Grønland, for alltid. Han ville byggje to hus. Eit lite til seg sjølv og eit stort til inuittane. «Men han kom jo ikke», beklaga Kolotengva, «Vi hørte siden, at han var død. Og det var vi ked af. For ellers var han nok kommet, som han havde lovet.» Dette biletet av Astrup står i påfallande kontrast til kva Freuchen skriv i sine notat: «Det var ingen af de indfødte, der kunde lide Astrup. Han blev rasende og helt hysterisk over Smaating.»
Det er vanskeleg å skjøne at forteljingane til Mylius-Erichsen og Freuchen skulle ha vorte så ulike, når dei stammar frå same personen. Men feilkjeldene er mange, og det er fleire forhold som kanskje seier meir om forfattarane enn om Astrup og Kolotengva. Samstundes er det eit interessant samsvar hjå dei to danskane: Begge fekk inntrykk av at Astrup eigentleg var på veg heim då han reiste sørover Melvillebukta. Mylius-Erichsen skriv i dagboka: «Kulutengvak siger at Astrup havde forlat Peary paa Bræen, fordi han vilde gøre denne Reise. Skulde det mon været hans Hensigt at rømme?»
Kolotengvas barnebarn
I jakta på lokale forteljingar kjem me i kontakt med Navarana K’avigak Sørensen. Ho er tolk, snakkar flytande dansk og engelsk og har budd i Danmark, Canada og Noreg. No har ho flytta attende til Qaanaaq. Me blir inviterte heim til henne. Vi får kaffi og sjokolade. Ho er engasjert og fortel om dei lokale tilhøva på Nord-Grønland før og no. Men heller ikkje Navarana har høyrt mykje om Eivind Astrup. Ho kan derimot hugse at mor hennar snakka om ein person som dei gamle kalla Havapaluk, som tyder «vesle lam». Det skulle ha vore ein kar frå Noreg som var med Peary, men ho har aldri høyrt kvifor han skulle ha fått eit slikt kallenamn.
Me spør om Kolotengva. Ho hadde ein bestefar med det namnet, men trur ikkje det kan vere han som reiste saman med Astrup. Eg begynner å bla i bøker eg har med meg, og finn fram sida der Peter Freuchen fortel kven Kolotengva var gift med og kven som var svogeren hans. Navarana lyser plutseleg opp: «Da er det jo han. Det er bestefar min! Det er altså han som reiste saman med dykkar Astrup!»
Eg blir ivrig og fortel vidare kva Astrup skriv om den «usædvanlig dyktig jæger» og reisa deira til Melvillebukta. Kolotengva vert framstilt som ein stor bjørnejeger og ein fryktlaus kajakkpadlar. Han var munter og blid og god likt. Og ifylgje Astrup hadde han «muskler af staal og i besiddelse af usædvanlige legemskræfter». Han hadde eit skarpt blikk – og det svarte håret hans «danner en vakker ramme om det djærve ansigt».
Navarana smiler. Eg fortel at også andre polarfararar har skrive om bestefar hennar. Til dømes Otto Sverdrup, då Kolotengva vitja «Fram»: Han var «en glad og munter Sjæl, der straks følte sig som hjemme ombord».
Navarana trefte aldri bestefaren. Ho har høyrt mange historier om han som ein stor fangar, men ho ante ikkje at han hadde eit vidgjete namn i polarhistoria – skriven av dei som kom hit for over hundre år sidan.
«Dette var fantastisk å høyre.» Navarana legg ikkje skjul på at ho er både glad og stolt. «Dette skal bli morosamt å fortelje barn og barnebarn.»
Harald Dag Jølle
Harald Dag Jølle er historikar ved Norsk Polarinstitutt og fast skribent i Dag og Tid.
Framhald neste veke
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Astrup hadde sagt at han ville kome attende
for å bu på Grønland,
for alltid.
Fleire artiklar
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub- rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Snart heime: Denne gjengen er klar for å kome heim – fulle av feittsyrer dei har sikra seg i fjellet.
Foto: Siri Helle
Geografisk heimehøyrande lam
Problema oppstår med papirarbeid og pellets.