Reportasje

På smal kjøl over Lopphavet

Loppa øy er som eit paradis i Ishavet. Mjuke liner. Frodig beiteland. Livlege fuglefjell og ei eventyrleg sandstrand.

Det er inga sak å finne ein god teltplass, like ved Loppa sentrum.
Det er inga sak å finne ein god teltplass, like ved Loppa sentrum.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Vegard Ulvang, Stein P. Aasheim og eg går mellom sumarfylte hus og nyt augustsola og den gode stemninga – og fortrengjer i det lengste at me skal ut att i kajakk.

Det var tre stille karar som kom i land etter ein røff tur frå fastlandet. Eg innrømmer det. Sjøen som såg stille og innbydande ut då me la frå, vaks og vaks. Ikkje brått, men til store saktegåande dønningar. Det var likevel først då eg såg hurtigruta forsvinne i bølgedalane, at eg forstod alvoret.

Det er ikkje så rart at dette kjente havstykket oppfører seg slik, sjølv i lite vind. Nokre nautiske mil ute er det over 400 meter djupt. Når havstraumane pressar dei enorme vassmengdene inn mellom Loppa øy og fastlandet, blir det trongt om plassen der havbotnen berre er 30–40 meter djup.

Men pratelysta kom raskt attende då kajakkane låg trygt på stranda og me fekk molter og krem frå to øyværingar som hadde følgt overfarten vår i kikerten.

Eit sentrum i havgapet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement