Humor

«På veg ut av butikken treffer Ragnhild dessverre Haldis»

Publisert

Tomt for ved (5)

På veg ut av butikken treffer Ragnhild dessverre Haldis, som ho ikkje har sett snurten av på år og dag. Det kjennest ikkje rett å berre strene forbi, så ho seier hei. Haldis ser ut som ho alltid har gjort, og stiller seg opp slik at ho står i vegen for andre folk som skal inn i butikken.

Ho har ingenting positivt å komme med, verken frå eige eller andre sitt liv, så det er lite som har endra seg der i garden. Ho emjar om kor fælt det var at mannen til syster til Ragnhild strauk med for tre år sidan, og det var det jo, men det verkar mest som om ho ser på det som hennar store oppgåve her i livet å minne seg sjølv og andre på triste ting. Haldis snakkar framleis irriterande lågt, slik at Ragnhild må konsentrere seg for å forstå kva ho seier.

Etter noko som verkar som ei æve, klarer ho endeleg kome seg frå. Ragnhild set posen med varene i passasjersetet og startar bilen. Ho sjekkar nøye til både høgre og venstre og gjev gass slik at bilen skyt ut frå parkeringsplassen. Tyngda av posen med varene gjer at alarmen som seier frå at setebeltet må festast, pip og blenkjer. Ragnhild ensar det ikkje, berre køyrer på, for no ligg ho etter skjema.

Det regnar meir og meir, det har byrja å skumre, og av og til kjem eit kraftig vindkast. Det store spørsmålet er om det har dauda heilt ut i omnen når Ragnhild kjem heim. Vindaugsviskarane verkar berre på full fart, og den bakre starta plutseleg av seg sjølv. Ragnhild aner ikkje kva knapp ho kan ha vore borti.

Når ho bremsar ned for å ta av frå fylkesvegen og byrje på den lange bakken opp mot huset, veltar posen med varene. Fyrst hamnar pakken med Kornmo Original på golvet, så kjem appelsinane og det andre etter. Ho høyrer at det knasar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement