Kunnskap

Pasientskadar og erstatning

Fleire og fleire klagar på tannbehandling, no kring 1000 per år, halvparten får erstatning.
Fleire og fleire klagar på tannbehandling, no kring 1000 per år, halvparten får erstatning.
Publisert

Staten vart nyleg dømd i Oslo tingrett og måtte betala ein pasient nær åtte millionar kroner i erstatning i ei sak der Norsk pasientskadeerstatning (NPE) hadde kalkulert erstatninga til 155.000 kroner. Retten kom til at NPE hadde sett invaliditeten hennar altfor lågt, og at dei hadde undervurdert det framtidige inntektstapet.

Ho hadde utvikla ein kronisk smertetilstand etter ein elles vellukka operasjon (nyredonasjon) og var blitt delvis arbeidsufør. Det er noko som førekjem ein sjeldan gong etter operasjonar, og som kan vera invalidiserande. Då kan det vera viktig å få eit tilskot til økonomien som gjer kvardagen lettare å bera.

Her i landet er det staten ved NPE som skal hjelpa i slike tilfelle. Men pasienten oppfatta tilbodet om erstatning derfrå som useriøst, gjekk til rettssak og vann. Saka vart fyrst omtalt i Dagbladet.

NPE er ei statleg ordning som vart oppretta i 1988. Den gongen innebar det eit stort framsteg for pasientar som hadde fått varig mein etter feilbehandling. Før me fekk NPE, var det vanskeleg å få erstatning i slike saker. Jussen var firkanta og kravde som regel at pasienten skulle peika ut ein syndebukk blant behandlarane.

Då NPE-ordninga kom, vart det enklare: For pasienten var det berre å senda inn ein klage. Deretter var NPE forplikta til å innhenta all relevant dokumentasjon, sjå til at denne vart grundig vurdert – medisinsk og juridisk – og konkludera.

Erstatning vart utbetalt dersom NPE kunne påvisa svikt i behandlinga med tilhøyrande varig mein og/eller økonomisk tap for pasienten. Oftast var det systemsvikt som var årsak til feilbehandlinga, difor slutta ein å jakta på syndebukkar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement