Kunnskap

Penicillinet og slumpelukka

Alexander Fleming i laboratoriet på St. Mary’s Hospital i London i 1943. Der oppdaga han verknaden muggsoppen Penicillin notatum kunne ha på ein bakteriekultur.
Alexander Fleming i laboratoriet på St. Mary’s Hospital i London i 1943. Der oppdaga han verknaden muggsoppen Penicillin notatum kunne ha på ein bakteriekultur.
Publisert

Skotten Alexander Fleming var militærlækjar på vestfronten i Frankrike under heile den første verdskrigen. På nært hald fekk han sjå tallause krigsskadde soldatar døy av sårinfeksjonar og blodforgifting under krigen. Difor er det lett å skjøna at han etter krigen ynskte å halda fram med arbeidet som forskar og bakteriolog ved St. Mary’s Hospital i London. Han var på leit etter ein effektiv medisin mot dei aggressive stafylokokkane.

Men arbeidet var mødesamt og gjekk tregt. I 1928 kom det endeleg eit gjennombrot, og Fleming vart verdskjend. Han oppdaga penicillinet og fekk Nobelprisen for det nokre år seinare. Men vegen fram til denne oppdaginga var så full av tilfeldige hendingar at det for ein stor del må kallast flaks eller rein slumpelukke.

Flaks i laboratoriet

Etter sumarferien i 1928 kom Fleming attende til laboratoriet sitt. Han hadde ord på seg for å vera litt uryddig, og som vanleg var det ureine skåler med stafylokokkulturar i stablar her og der. Han registrerte at det var kome muggsopp i ei av skålene. Skåla hadde tilfeldigvis blitt ståande udekt, og muggsoppen hadde tilfeldigvis funne vegen frå eit naborom. I ferien hadde det tilfeldigvis vore nokre kjølige dagar i den elles heite London-sumaren – kjølige nok til at stafylokokkane vart haldne i sjakk, men samstundes perfekt vêr for muggsoppen.

I ettertid synte det seg at soppen tilfeldigvis var av den svært sjeldsynte typen som faktisk produserer penicillin. Fleming kasta den forureina skåla i eit desinfiserande bad, men tilfeldigvis vart ho liggjande utanfor badet.

Ein kollega kom innom, Fleming viste fram dei uryddige skålene på benken, og for andre gong tok han tilfeldigvis ein titt på skåla med muggsopp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement