Per Sivle

I går var det 160 år sidan Per Sivle vart fødd. Han er ein av dei få som makta å lyfta det politiske diktet til stor litteratur.

Publisert

Norsk soge er tragisk. Uppgangstider skifter med forfall; det er eit under at dette lange hengslute landet med so store motsetnader i livskår og folkelynde i det heile har hange saman. Boksoga vår er som den politiske, ho er tragisk. Det er vel ein samanheng her: Når åndskrafti tryt, veiknar viljen til sjølvstende.

Dei tvo siste hundreåri har me vore på uppveg, det har vore ei atterreisingstid, og me har hatt fyregangsmenn på mange umkverve.

På Stalheim stend ein stein til minne um ein av dei. Per Sivle. Namnet fester seg lett – det minner um vind og elvesus i fjellet. Han var diktar, lat meg heller segja skald; har nokon fortent det ordet, er det han.

Skriftene til Sivle tek ikkje stor plass i bokhylla, og det er ymist i bøkene som ikkje har so mykje å segja oss lenger, det kan vera agitasjonsdikt og harmlause forteljingar som gjorde nytte i si tid. Men det beste er tindrande friskt. Nokre forteljingar og sogor, ein slump dikt og ein roman – og me har Sivle. Ingen skal lasta han for at han ikkje gjorde meir, det er ikkje sidetalet det kjem an på.

Noko av det mest verdfulle er forteljingane og sogone, novellone, um me vil kalla dei so. Her tek han av sitt eige. Dei er mykje godt laga av slikt han hadde set og upplevt eller høyrt i heimbygdi. Vilhelm Ekelund, den store svenske diktaren og litteraturkjennaren, segjer ein stad at det som slær han når han les Vinje, «är hans förhållande till barn och djur». Det same kan ein segja um Sivle, han stend kanskje born og dyr nærare. Men han vik ikkje attende for det nifse og uhyggjelege, det var ikkje berre mildskap i bygdelivet, det stend kaldtokke av sogor som «Dragsmålet med Hinmannen» og «Lumhunden». Den barokke humoren er elles ekte vestlandsk; dei kalde ordi løyner ein sår botn. Han kan vera raust og festleg, som i «Slumpelukko».

Det er ikkje stemningar som sermerkjer forteljingane, men kjensle, naki nerve, serleg medkjensle med dei som lid urett. I sogone og stubbane er det forutan humoren det friske språket ein fester seg ved; so ramsalt norsk hadde ikkje fyrr vore skriven. Aasen, Vinje og Garborg skreiv nok folkeleg, men språket deira hadde mange litterære innslag. No hadde Sivle eit av dei beste bygdemåli i landet å byggja på; det var so fullt av hoggande gode ord og uttrykk som aldri hadde kome på prent fyrr. «(…) guten kom veggjande vidopen ned i vatnet», stend det i «Heimadøypt». Jau, der var nok å ta av, det har Bjørgaas og Bygd synt òg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement